Før kampen: Newcastle – WBA

Oppdatert: 08. May 2015

Newcastle møter eit defensivt velorganisert West Bromwich på laurdag ettermiddag. Med kun 3 kampar igjen og få poeng ned til nedrykksstreken vil kvart poeng verta viktig for dei svart-og kvitstripa.

Dato: 9.Mai

Tidspunkt: 16:00

Dommer: Chris Foy

Laurdag spelast den nest siste heimekampen for sesongen, og eit historisk formsvakt Newcastle får West Bromwich på besøk på St.James Park. Det har vore stor dramatikk både på og av banen den siste tida, og med ein tynn stall og ein tilsynelatande verkelegheitsfjern manager bak roret er det få som trur på ein overbevisande Newcastle-seier laurdag kl.16:00 norsk tid.

Coloccini ber om støtte

Situasjonen i Newcastle har nådd kokepunktet, og det har fått ein ellers lite snakkesalig kaptein til å snakke direkte til fansen i eit opent brev som nådde mediene for eit par dagar sidan. Mange ekspertar har påpekt at brevet ikkje inneheldt noko støtte til sitjande manager, men heller ei påminning om at både managerar, støtteapparat og ledelse vil komme og gå. Coloccini ber om å leggje alle stridsøkser i jorda før det han kaller dei tre “cup finals” i innspurten av sesongen. 

– I would like to make a call to all fans today to also leave aside all differences, all different opinions, anything that divides us as people who love this Club.

Les også: Carver får fortsette og – Stor konflikt i lagbussen

Carvers mogelegheiter

“Premier Leagues beste manager” har ikkje fått nokon enklare jobb etter forrige helgs kamp mot Leicester. Både Daryl Janmaat og Mike Williamson er ute med suspensjon, og dette gjer ein allerede vaklevoren forsvarsfirar endå meir usikker før laurdagens kamp. På toppen av dette er både De Jong, Tiote, Armstrong og Haidara usikre med mindre plager. Av lyspunktene kan både Rolando Aarons og Papiss Cissé vere klare for kamp. Sistnevnte har vore i full trening med fyrstelaget sidan torsdag.

Les også: Aarons klar for kamp

Under suspensjonen som har vart i heile sju kampar for hendelsen med Johnny Evans har Cissé også vore igjennom ein kneoperasjon. Paul Dummett er også eit usikkert moment, men skal etter rapportane vere klar for kamp. Med få midtstopparar tilgjengelig kan det bli veldig viktig at Dummett er kampklar.  

West Bromwich i medvind

Tony Pulis har satt sitt preg på West Bromwich, og laget har holdt buret reint 3 kampar på rad mot henholdsvis Crystal Palace, Liverpool og Manchester United. Laget ser velorganisert ut defensivt og har 15 kampar utan baklengsmål denne sesongen. Svært dårleg nytt for eit lag som står med -24 i målforskjell, kun slått av tabelljumbo Burnley. Skadeproblemene er og minimale for Pulis, med kun James Morrison ute av sentrale spelarar. 

Laurdagens kamp

Newcastle står no med 8 tap på rad, og har for alvor blanda seg inn i nedrykkstriden. Newcastle kan verta avhengig av at Papiss Cissé fortsetjer den gode omsetninga av speleminutt til mål denne sesongen, med eit mål kvart 92.min.

Til vidare bekymring kan det nevnast at Victor Anichebe har Newcastle som favorittmotstandar med flest mål scora på i karrieren, og at Chris Brunt heldt toppen i Premier League når det gjeldt målgivande pasningar på dødball denne sesongen med heile 8. Eit skadeskutt Newcastle vil iallefall trenge all støtte dei kan få, både frå fans og dei andre lagene i bunnstriden. 

You must be logged in to post a comment Login