Vi må uansett få eit lag på plass som klarer å jobbe tettare saman med Cissé. I dag var Gouffran og spesielt Sissoko veldig tamme, og då blir nesten alt ansvar lagt på Marveaux (som eg synest var vår beste offensive spelar igjen). Eg synest det såg langt lysare ut i den perioden rett etter at Ameobi kom inn, og det var jo berre marginalt at ikkje kombinasjonen mellom dei to førte til at vi tok føringa 2-1.
Tviler på at vi går ut med to spissar i kampane framover, men det er i alle fall essensielt at vi vågar å stå opp med litt fleire enn berre Cissé. Han klarer ikkje å skape allverdens utanfor sekstenmeteren sjølv, så då må vi bistå han tilstrekkeleg til at han kan true frå 10 meter og ikkje frå 25 meter og inn. Flytt Sissoko lenger opp i banen, og la Marveaux ligge djupare sentralt (for å ta den playmakerrolla som Jonas og Tioté - som hadde fleire makabre ballmist i dag igjen - ikkje er kapable til å utføre).