Det er heilt klart eit poeng, men Cissé og Cabaye har også eit klart ansvar for å heve seg og skjerpe seg. Om ikkje for Pardew eller laget, så i alle fall for fansen. Cabaye med kapteinsbindet har vore ein gedigen skuffelse, og eg håpar veldig på at han ikkje blir den som får det permanent når Coloccini forsvinn i sommar. Cissé som kaukar på linjedommaren og pådreg seg gule kort for å protestere på offside-avblåsningar som er fullstendig korrekte, er også himmelropande patetisk. Det går ei fin linje mellom sunt vinnarinstinkt og feil fokus, og Cissé har altfor ofte enda på feil side av den linja denne sesongen. Han skulle vore utvist mot Chelsea, og var på tynn is mot Stoke også. Han må skjerpe seg.
Ref. kapteinsbindet, så er eg veldig usikker på kven som faktisk fortener det til neste år. Skulle eg valgt ein av dagens spelarar ville det kanskje stått mellom Krul og Taylor, men eg er usikker på om det er ideelle kandidatar.