Enig med siste taler. Synest han virkar litt fotballdum rettvendt til tider (eks. når han fyrte frå 25 meter mot ryggande forsvar, når han kunne spelt inn Ba eller ut breidt til Obertan), men det kan hende det berre bunnar ut i ei ekstrem lyst i å opne scoringskontoen igjen. Ein annan ting som irriterte meg litt sist, var at han eit par gongar stoppa opp for å klage på dommaren når han heller burde jobba etter andreballen.
Men alt i alt, synest eg han har vore meget bra til no denne sesongen. No var vel ikkje alle like kritiske etter innhoppet hans mot Swansea i CCC, men eg hugsar spesielt godt klengenavnet "Leon Asbest", som han fekk i kampens hete. Fint å sjå at det kan snu for enkelte spelarar, og også ei oppmuntring om at andre utskjelte spelarar kan reise seg etter ein vanskeleg start. Simpson har også blitt utskjelt, og svarte med å levere ein perlekamp og ein absolutt habil sesongstart generelt sett. Same med Raylor.
Your move, Peter L.