Eg trur Best/Løven kan vere eit bra spisspar dersom vi speler på styrkene deira. Som Pardew har nemnt i intervju, handlar det om å omstille seg til noko heilt nytt der framme. Vel er kvalitetsforskjellen frå Carroll og ned til dei øvrige betydeleg, men eit anna aspekt er at dei også er fundamentalt ulike som typar.
Birmingham-forsvaret er forholdsvis sterke i lufta, men forholdsvis temposvake langs bakken. Utnyttar vi aberet på ein betre måte enn vi gjorde i siste tredjedel av banen sist kamp, kan Løven/Best vere ein spissduo som fungerer.
Dersom vi derimot i same grad (med eit par unntak sjølvsagt) satsar på å kjempe i luftkrigen offensivt, bør Løven vere sist på prioriteringslista. Pardew ser forhåpentlegvis kva det ligg best til rette for.
Kunne personleg tenkt meg, som andre har nemnt, å få inn Guhtrie på midtbanen. Han var god i dei siste kampane han spelte, og med han kan vi flytte Nolan fram mot området på banen der han er best. Nemleg i og rundt boksen.
Harps - Simmo, Colo, Willo, Jose - Joey, CT, Guth, Jonas - Nolan - Best.
Så kan Ranger/Løven/The Kuqi Monster, som alle tre representerer ulike ting frå Best, skiftast inn utifrå kampbildet.