Ein ting vi må ta med i betraktinga ang. fiaskoen i 1. omg mot Wigan, er at det er eit ganske anna lag vi møter denne kampen. Wigan sitt største angrepsvåpen er ein venstre kantspelar, på søndag mot ei høgreside der vi stiller svakast. West Ham spelar meir direkte, nyttar kantane sine mindre.
Det kan godt vere at Guthrie fungerer langt betre denne helga, mot ein annleis motstandar og med meir kamptrening.
Eg vil ha dette laget, i 4-4-2:
Krul - Raylor/Simmo, Colo, Sol, Enrique - Guthrie, Barton, Tiote, Jonas - Ameobi, Carroll.
Langt viktigare enn kva formasjon vi spelar i (reknar med at Nolan er tilbake og at vi spelar 4-5-1, nemleg) er at vi får i gang kantane. Guthrie kan slå innlegg, Raylor har fantastisk serve, Jonas har forbetra seg i den fasa av spelet denne sesongen. Carroll/Ameobi/Nolan vil garantert komme til målsjansar då.
Spår ein tett kamp som enten endar 1-0, 0-0 eller 0-1.