Synest Perch får for mykje tyn frå enkelte. Han, som alle andre, må få meir enn tre kampar før folk kappar av han hovudet. Langt betre høgrebackar enn Perch ville hatt dei same problema som han hadde mot Nani/Evra. Villa-kampen var han, som resten av defensiven, lite involvert. Mot Wolves var han stort sett meget solid, sett vekk ifrå eit par involveringar (straffesituasjonen og målet, der Williamson må ta minst like stor skuld). Han er ung og han har dei fysiske ferdigheitene som skal til. Taktisk har han litt å jobbe med, men dette er garantert ting som CC og CH kontinuerleg underrettar han om.
Det er også eit poeng, det som Inspektøren i kjent stil sikkert har understreka tjue gongar, at Perch får mindre hjelp defensivt av Routledge, enn det Enrique får av Jonas. Med det i bakhovudet hadde det kanskje vore artig å splitta det latinske samarbeidet og flytta Jonas over på høgrekanten.
Eg har lite tru på at Nolan mistar rolla si, og at det dermed er duka for HBA på ein ving. Til tross for at Rout har vore betre enn Jonas i dei to målbare kampane (begge svake mot manure), er det eit viktig moment den arbeidsinnsatsen som Jonas legg ned kvar kamp.