News of the World har lågare standard enn The Sun når det gjelder sport, ufatteleg nok. Dei skaffa seg ein kar frå Liverpool Echo som har stålkontroll på Liverpool, men elles er det ufatteleg labert. Daily Mail og lignande aviser (Daily Star, osv) er òg sjeldan til å stole på. Lokalavisene er bra å følge med på. Elles er Skysports stort sett bra, BBC veldig påliteleg (og kjedeleg), mens The Times og The Guardian nok er best i resten av bunken. Men alle avisene er ikkje like gode på alle lag, så for alt eg veit kan The Guardian vere elendige på Newcastle-stoff, til dømes.
Om ein skal vite kva som føregår, må ein i alle fall unngå norske "kanoner" som Dagbladet, VG og Nettavisen. Dei overgår kvarandre i å velge dårlegast kjelder. Ronaldo-dekninga til desse tre er eit fantastisk eksempel på korleis det IKKJE burde gjerast i ein ideell verden. Dette er uansett ikkje ein ideell verden, det vil ein aldri oppnå så lenge Martin Keown eksisterer.