At det er noko riv ruskande gale kan det ikkje være tvil om. Berre sjå på City, dei handlar inn den eine stjernespelaren etter den andre, og dei er ein langt mindre attraktiv klubb en Newcastle. Eg blir berre meir og meir skeptisk til dei nye eigarane, hadde dei gjort jobben ville Sam ha kjøpt mange fleire spelarar for lengst. Vi såg jo kor lett det gjekk då Shepherd styrte skuta, og etter at han fekk pengar tilgjengelig for Parker. Det var ikkje noko problem å skaffe spelarar.
Men no har det knapt skjedd ein drit på overgangsmarkedet på ein måned, og vi nermar oss seriestart med stormskritt. Vi har den dårligaste Venstreback-dekninga i heile Ligaen, og eit ellers syltynt forsvar. Eit par skader så er Ramage, Edgar og Huntington våre beste tilgjengelige, talent, men dei held ikkje PL-nivå endå. Slik forsvaret er no er det umulig trur eg å oppnå ein plass særleg over midten av tabellen. Treningskampar har lite å sei, det blir ikkje det samme med tempoet i PL og den sinnsjuke innsatsen. Vi kan ikkje ta utgangspunkt i treningskampar og tru vi har eit kjempelag frå det. Eg er redd det er det Mort og Co gjer, dei trur laget er bra nok som det er, men det er ikkje det!
Eg skriv ikkje dette for å virke negativ, men det er et faktum at vi har et enormt forsvarssproblem, kanskje endå større enn i fjor. At Mort og Co ikkje forstår at å forsterke forsvaret er ein rask og billig måte og oppnå større suksess, betre reklame og meir cash er synd.