Under 10 000 ser eg på som veldig usannsynlig, men ingenting hadde gjort med meir glad. Problemet med protestene så langt er at dei ikkje har hatt nok tyngde, dei trenger at mange støtter opp om dei, ellers er det alt for lett for Ashley å oversjå dei. Håper så inderlig at det kommer lite folk mot Spurs, og blir egentlig fornøgd om det er ein nedgang på mellom 10 000-20 000 supportere, noko som eg også ser på om ganske usannsynnlig basert på dei tidligare forsøka på å vise misnøya med den situasjonen som klubben er i. Folk har ein tendens i newcastle til å vise blind lojalitet uansett kva klubben finner på, og innser ikkje at dei sitter på ganske mykje makt dersom dei samler seg under ein samme sak. Dersom ein ikkje liker det som skjer i klubben, så bør ein gjere det ein kan for å endre det til det bedre, og ikkje berre akseptere situasjonen og late som ingenting er gale.
Ser at tiltaket begynner å få ganske bra dekning blant lokalavisene, men ingen av avisene tør å seie om dei er i mot eller for denne boikotten, samtidig som dei heller ikkje skriver kva dei meiner er dei rette tiltaka for å få klubben vår tilbake slik vi ønskjer den. Dette synes eg er litt feigt av avisene og samtidig trur eg er med på å gjere ein del supportere usikre på om dei vil boikotte eller berre fortsatt møte opp på kampen som vanlig. Uansett krysser eg fingrene for at mange støtter opp om dette tiltaket, enten dei ikkje kommer på kampen, eller om dei går frå kampen undervegs. Håper også at dette berre er begynnelsen på mange tiltak for å få Ashley ut av vår kjære klubb. #BoycottSpurs