Å få servert 70-90 minutt med urin kvar einaste helg når Newcastle spelar, er vel nok til å få dei fleste til å steile.
Det er ingen typar i denne klubben eg har verkeleg sansen for lenger. Ingen som når dei siste ti års heltar til knea mht. glød, sjarme, vinnarvilje, klubbfølelse, x-faktor. Ingen Carroll, Nolan, Parker eller Milner. For ikkje å snakke om kontrastane til det som var før der igjen, under SBR og Keegan.
Eg tek mykje heller eit år med radiostreamar i 1. divisjon, enn å sjå dette drittet her hangle rundt i PL. Det er nok også den einaste utvegen for å få vekk det rælet på eigar- og administrasjonssida, og i støtteapparatet.
Hadde aldri trudd at eg kom til å sakne Fat Fred, men han brydde seg i alle fall meir om klubben enn om profitten. Må då vere langt artigare å vere fan av nær sagt kvar einaste annan klubb i ligasystemet enn det her? Med fallskjermen ved nedrykk vil det då ikkje bli noko armageddon om vi skulle rykke ned heller. Fullt mulig å drifte ein klubb brukbart med 50.000+ på SJP annankvar helg, sjølv i ein lavare divisjon.