Som fleire er inne på, så må vi sjølvsagt vente med å sprette champagnen før våre nye franskmenn er presenterte offisielt. Men likevel er jo dette eit tydeleg signal - og ein slags innrømmelse frå Ashley og Llambias om at den manglande businessen i sommar var hasardiøs - på at ein faktisk har innsett at det brenner på dass.
Det er vel også eit tydeleg signal på at Pardew er 'here to stay', då eit ev. managerskifte måtte skjedd tidleg i januar (for å kunne setje sitt preg på vinduet). Med Mbiwa og ev. fleire på plass så skal det godt gjerast at vi rykker ned, og med ei grundig evaluering i sommar så kan kanskje alle forbetre seg der det har svikta?
- Pardew må ta steg store taktisk, for der har det vore pinleg til tider. Eg kjenner ikkje igjen den shrewdness-en han viste mot bl.a. WBA og Liverpool i vårsesongen sist.
- Mentalitetsforandring generelt: Vi må ha ein klar plan for kva som forventast av alle enkeltpersonar i klubben. Fansen skal aldri gå frå SJP uansett kor dårleg det går, Pardew skal aldri heve det kvite flagget med 1-0 heime mot Reading, spelarane skal gi alt samme faen kva fansen og Pardew måtte finne på.
- Vi må få ein meir verbal kaptein som kan røske tak i laget når ting ikkje fungerer. Ev. avlaste kapteinen med meir naturlege innpiskarar. Eg ser for meg at Cabaye kan bli ein bra mann, no med to sesongar på baken. Mbiwa har naturleg autoritet, Tiote må ta meir tak (men har potensiale der), Tayls er levande engasjert for klubben osv. Her skal vere potensial til å heve laget i tunge tider.
- Om Ashley sin draum om at Newcastle skal bli slik som Arsenal, så må ein faktisk investere i akademiet på ein måte som står i stil med ambisjonane. Betre støtteapparat, tidlig avskilting av talent som aldri vil bli meir enn League 2-materiale, osv.