Nei, målet må sjølvsagt vere at vi skal og bør spele på våre styrker og kontrollere kampen. Men om HBA skulle risikere å bli tatt ut av bulldoserane til Stoke, har vi ingen andre som kan føre oss framover på same måte langs bakken. Santon har bra driv, men har til no kreert lite. Jonas likeins. Fryktar då at vi sit igjen med eit hovudvåpen: Presise servar frå midten av banen signert YC, mot to spissar. Her trur eg Ameobi kan gjere ein minst like bra jobb som dei to øvrige.
Kan vi halde på ballen i 70% av tida, i Swanseaesque stil mot Stoke på laurdag? Nei, eg trur verken vi har spelarar til det (sjølv Cab har jo rota voldsomt til tider i vår), eller at Stoke vil la oss få gjere det. Då må vi forberede oss på at det blir ein del kriging også, og i det aspektet ser Ba meir ut som kanonføde for tida. Men kanskje løsnar det, som Kristoffer seier, no på laurdag?