Dette kom jo egentlig ikkje som nokon bombe, dei fleste trudde nok Barton kom til å reise dette vindauget her.
Eg merker at eg er relativt rolig med tanke på dette. Det som er fakta er at Joey Barton har hatt ein turbulent tid i Newcastle. Egoet hans er stort. Han er ein meget god spelar og var ein viktig brikke i laget forrige sesong, men ser ein bort i frå denne sesongen i fjor, så har Barton IKKJE vore verdt pengane. Han har vore ein byrde, men vi støttet han gjennom dei tyngste periodane. Det har vore vår fortjeneste at han har forbedra seg kraftig og fått karrieren sin på rett køyr. Om eg ikkje huskar heilt feil, så var vel Barton og villig til å gå ned i lønn, for å vise sin respekt for klubben. Eg skjønnar godt om klubben ikkje aksepterer ny og forbedret kontrakt. Denne sytinga i det siste på twitter, er ikkje akseptabelt. Spesielt når han seier at "kvalitet forann kvantitet", som om signeringane våre har vore dårlege. Det er ikkje med på å bidra til bra moral innad i laget. Kanskje likegreit å bli kvitt Barton.
Btw, veit at dette er føde for Flatline, men ein treng ikkje å sjå ALT for negativt på dette.