No bør CH ta eit møte me laget og få presisert eit par ting. Dette går ikkje. Verte skuffa viss han forsvarar dagens prestasjon i media. No er det samling i "botn" og på tide slå tilbake.
- Han må få meir KYNISME inn i ein del av spelarane. Dette for å slutte gi vekk mål. Og slik at ein ikkje verte tekne på senga kvar gong dei møter ein god håvespelar der bak.
- Disiplinen i laget har vore god. Men no har det sklidd litt ut og dette må det verte slutt på. Mot for eksempel Arsenal var det dei som var på etterskot og fekk korta, dette må me fortsetja med mot slike lag som Bolton og Blackburn.
- Det same gjelde spelet vårt, me veit alle kva me er gode for. Kvifor greie me ikkje få til dette mot Stoke, Wigan, Blackburn og Bolton? Her meinar eg det BRENNER PÅ DASS for godaste Chris. Desverre.
- Eg forventar ikkje at me tek 3 poeng mot Chelsea, men eg har trua på det. Spesielt når me greier slå dei 3-4 i London. Då var det reservane som imponerte, so no til helga må me kunne krevja at laget presterar utan Barton og Colo.
- Moralen og samholdet i dette laget har imponert meg etter at CH begynte, og dette må han og laget finna tilbake til i dei 4 neste kampane. Utruleg viktige kampar.