Kommentatorane er geniale. Barry Bannan får verkeleg høyre det!

Utan å skru opp forventingane til neste år, så må eg med handa på Newcastle-emblemet seie at vi har ein del enkeltspelarar (Jonas, Enrique, Carroll etc.) som lett toppar det alle laga på nedre halvdel i PL kan skilte med.
Får vi inn litt breidde, samt opprettheld disiplinen, samholdet og arbeidsmoralen i laget, er eg 100000% sikker på at vi ikkje rykkjer ned. Vi var eitt poeng frå å berge plassen i fjor med ein harmoni i laget som ikkje likna grisen, med ei segregert garderobe som teikn på akkurat det.
Ikkje tolk det som om eg forventar Europa neste år, men at vi, med litt flaks og ei god oppkøyring kan klare rundt topp 10? Høyrest ikkje urealistisk ut i mine auge.
Om vi så kjem på 15. eller 16., så er det heller ikkje katastrofe. Kontinuitet blir ekstremt viktig.