Sebastian: Din karakteristikk av Beattie viser at du anten a) undervurderer han grovt eller b) ikkje har begrep om kva du snakkar om.
Med Beattie veit vi kva vi får. Ein spelar som har overbevist i PL, så seint som i 2009, og som bringer med seg ting som vi ikkje har frå før. Han var glitrande for Stoke då dei berga plassen i fjor, og no har vi faktisk sjanse til å snappe han ettersom han har kome på kant med Pulis.
Ting må skje gradvis. Greitt nok at vi må heve spelarmateriellet betydeleg dersom vi skal tilbake til Europa, men det må skje over tid. Men jobben neste år er, så sant vi faktisk rykkjer opp, å berge plassen så fort som mogleg og ta alt anna som ein bonus. Å ha andre mål er naivt, når ein ser det terrenget vi har tapt i forhold til andre klubbar som har spelt PL-fotball i år.