Nemnde dette i Plymouth-kamptråden også. Med Harewood på plass mot Derby og Plymouth er eg temmeleg sikker på at vi hadde stått igjen med tre poeng og eit sikra avansement. Ranger, Løven og Carroll er ikkje sikre målscorarar og Ameobi vil alltid variere veldig.
Aktuelle Beckford hadde eit fint mål i dag, og verkar til å vere ein mann til å stole på framfor mål. Han har også ein del fysiske kvalitetar som bør gjere han moden for ligaspel i CCC. Vi har dog sett fleire gode CCC-spissar som ikkje tek nivået i PL, så eg er skeptisk til å blåse vekk det vesle vi har av midlar på han.
Då er eg meir gira på eit nytt lån av ein med fortid i PL, som har bevist noko på det nivået. Med andre ord noko ala Harewood-avtalen. Så kan vi heller kjøpe inn ein meir merittert spiss i sommar, når vi veit kva divisjon vi spelar i til neste år.