At det var ein stygg episode som førte til skaden, treng vel likevel ikkje å vere heilt isolert frå skadehistorikken hans? Eg registrerer at han er ute med ei kneskade, og at det ikkje er første gongen. Med tanke på all belastninga fotballspelarar utset knea sine for, skulle ein dermed tru at det var noko som ramma langt fleire, langt oftare. Utan å vere fysioterapeut, så er eg rimelig sikker på at det finst måtar å styrke leddbanda i knea for å forhindre skader eller forkorte rekonvalesensen.
Kan vere at dette er blitt gjort i aller høgste grad i Newcastle også, og at det berre er Vuckic som er abnormt uheldig -, men igjen er det då rart at ikkje mange fleire opplever liknande tilfelle. Eg forbinder slike ting mest med Owen Hargreaves.
Knea til Vuckic er for så vidt ikkje det viktigaste for førstelaget vårt (sjølv om det sjølvsagt er trist). Meir bekymringsverdig er det at Steven Taylor aldri ser ut til å kunne realisere sitt fullstendige potensiale, i tospann med ein trygg makker (!!!!), pga. skader, som for ein utanomforståande verkar merkelige både i omfang og frekvens.