Eg trur nøkkelen til eit godt resultat ligg i eit par vesentlege moment. Dersom vi skal lukkast, må den sentrale midtbanen vår senke matchtempoet betrakteleg, slik at spelarar som Elano og Ireland ikkje får høve til å diktere spelet i eit tempo langt over Butt og Guthrie sitt nivå.
Får vi stoppa stikkarane gjennom til Robinho og Jo langs bakken, trur eg Colo og Tayls skal ha god kontroll i luftrommet. Skal vi vinne må vi også angripe. Og då må vi spele på det vi har sjanser på. Dunne og Richards er ikkje uslåelege langs bakken, men i luftrommet vil eg tru dei vil ha rimeleg solid kontroll uansett kven vi stiller med framme. Gutierrez og N'Zogbia/Duff har alle moglegheiter til å kome seg forbi på kanten mot eit backpar som kanskje er det svakaste leddet i City-laget.
I tillegg til desse aspekta, må vi sjølvsagt ha ein del flaks. Men eg har eit håp om poeng, eit syltynt håp om siger.