Joda, det at Martins scorar to nye mål er imponerande, men kanskje vi bør roe oss litt ned før vi slår hovudet i ozonlaget...
Forutan dei to måla, som er nydelege prestasjonar av Oba, gjer han òg mange merkelege val. Då vi kontra på 2-1 og Rossi og Martins var aleine med Todd og Friedel, kunne vi lett punktert kampen dersom nigerianaren hadde slått ballen inn til Rossi på blank goal i staden for å skyte frå ein svært vanskeleg vinkel.
Enkelte av skotforsøka hans bèr preg av overivrigheit og mangel på å halde hovudet kaldt i det avgjerande sekundet. Vi kunne avgjort kampen lenge før Blackburn fekk stor-presset sitt på slutten, men diverre er vi ikkje dyktige nok på den siste halvdelen av banen.
Nok om det negative. Trass litt mangel på killerinstinkt, er det lite tvil om at kompaniskapetMartins/Sibierski stadig utviklar seg positivt. Det å slå Blackburn 3-1 borte, er sterkt. Uavhengig av det faktumet at dei spelte over halve kampen med 10 mann og at dei var betre enn oss i 2. omgang. I 1. omgang spelar kantspelarane våre tidvis ball i hatt mot Neill og Gray, noko som minnar meg om noko av det vi presterte i caretaker-perioden til Roeder.
3 nye skader, forhåpentlegvis får Sib og Emre gode prognosar, noko som kanskje kan føre til at enda fleire juniorspelarar får sjansen. Heldigvis er Duff og Dyer tilbake i trening, for sjølv om satsing på ungdom er utelukkande positivt i det lange løp har vi berre viktige kampar framover. Og for å vinne dei, treng vi nokon som har vore med i gamet litt meir enn Huntington, Pattison og co.