Liverpool står som sagt med 7 strake i ligaen og har 1 innsluppe (mot verdsmestrane vel og merka

) på dei siste 11 kampane, så sjølv om Newcastle hadde seg ein målorgie mot West Ham sist blir det nok tøffare mot eit Liverpool-forsvar som er veldig bra for tida.
Tippar Liverpool stiller med følgande lag:
...........................Reina...........................
Finnan.....Carragher.......Hyypiä............Riise
Gerrard....Alonso............Hamann.........Kewell
...........................García..............................
...........................Crouch.............................
Reina er bankers. Treng ikkje seia noko som helst om han eigentleg.
Same med Finnan, Carragher og Hyypiä.
Venstrebacken er meir usikker. Her er det igrunn hipp som happ om det er Traoré, Riise eller Warnock som spelar, men eg tippar på Riise sidan eg i tillegg har Crouch som spiss, og Riise er den dyktigaste til å kome seg til innlegg frå sin backposisjon.
Gerrard på høgrekanten ser eg og på som bankers. Det er ikkje hans optimale posisjon, men for laget fungerar det veldig bra. Han er nok ikkje parkert der ute, men har ei tålig fri rolle offensivt. Det har fungert veldig bra til no, og er sikker på at me får sjå han der.
Sentralt på midten er Xabi Alonso, ligaens desidert beste pasningsleggar, heilt bankers om han er skadefri, noko han er. Treng vel ikkje seia meir om han. Fantastisk spelar.
Den andre rolla sentralt på midten, løpeguten, eller han som skal bryte opp og vera ballvinnar, der er det eigentleg og litt bingo kven som startar av Hamann og Sissoko. Sissoko har starta dei seinaste kampane, men magefølelsen min seier at Didi startar denne. Det er mot gamleklubben, og det er ein kamp kor me treng Dietmars rutine.
Venstrevingen er eg litt meir usikker på. Kewell var kanskje vår beste mann bak Gerrard i VM-finalen, og viser endeleg teikn på stigande form. Dette er ei rolle og Luis García kan ta, om Rafa vel to spissar, men eg trur som sagt han vel Crouch og Luis i ei hengande.
Hengande rolle, sjå over. Kan og vera han vel to spissar (og då blir det nok Morientes, som og har vist betre form i lag med Crouch, men eg er meir for Cissé i denne kampen FAKTISK, sjølv om eg er drit lei han og hans holdningar. Dette pågrunn av fysikken på Newcastles stopparar, og det faktumet at Morientes og Crouch på mange måtar er litt like spelarar).
Dette er altså laget eg trur me får sjå.
Eg føler meg sikker på at Liverpool slepp inn mål på måndag, og eg er sikker på at det er Owen som skorar det. Blir interessant å sjå korleis han feirar. Personleg trur eg han har såpass mykje respekt for gamleklubben at han ikkje jublar hemningslaust. Så er jo eg av dei som føler meg sikker på at han returnerar til sumaren og då. :wink:
Neida, skal bli moro dette. Alltid moro med kampar mot Newcastle. Denne gongen blir ekstra moro, for eg skal sjå den live.
Avreise? 23. desember. 4 herlege kampar på 11 dagar i England. For ein fin tur det skal bli.
Har planlagt å reise på bortekampen mot Newcastle og i år. Nokon herfrå som skal på den?