Bale er uten tvil en av verdens alle ypperste spillere og da bør vi gjøre ALT vi kan for å anonymisere han.
Ja, og det var veldig skuffande at vi ikkje klarte nettopp dette. Eg var greit fornøgd rett etter kampslutt, men no sit eg igrunnen berre igjen med halvkvalte sukk. Spesielt på det sistemålet er det patetisk at tre Newcastle-menn let Bale få ein fri autostrada å springe gjennom. Det er å legge til rette for akkurat det han er ekstremt god på, nemleg å ta med seg ballen i fart.
Og mot eit lag som sleit veldig med å få med sine falske spissar, så er det for svakt å ikkje bruke litt ekstra taktisk kløkt til å ta ut Bale. Parker tok fullstendig luven av Sissoko, og Ferguson brukte også kløkt til å forhindre Fellaini i å briljere som han gjorde i serieopninga. Svakare klubbar har klart å ta ut betre spelarar tidlegare, og vi møtte trass alt eit lag som har slite veldig med å score den siste månaden.
Vi hadde ein kjempesjanse til å klare eitt poeng, men ingen kan dessverre klage på at AVB og kompani fekk alle tre.
-
Eg synest for øvrig ikkje Bale er blant dei heilt heilt ypparste, men snarare innanfor topp 10-15 i verda. Han har ekstreme ferdigheiter, men eg kan nemne fleire spelarar som har a) ekstremferdigheiter som imponerer meg meir eller b) enda fleire strengar å spele på.
Messi, Ronaldo, Iniesta, Falcao, Zlatan, Cavani, van Persie, Wilshere (i alle med litt fleire kampar i beina), Götze, Ribery ++ er spelarar som oppfyller a og/eller b her.