Ja, det er ikkje slik at eg på død og liv vil behalda alle. Sjølvsagt såg eg føre meg at Løven og Smith ville gå, men no har jo faktisk ikkje det skjedd. Men eg meinar at ein ikkje bør gjera for store endringar på ein sommar. Og ikkje no når mi nettopp har komme oppatte frå CC. No har det gått 2 ut og 2 inn. Men eg meinar mi bør ha 4-5 til, utan at det går nokon ut. Dessutan har den troppen som var med ned, fått ein veldig god erfaring og eit utruleg godt samhald. Dette hadde eg håpa mi kunne byggja vidare på og rundt, med gode og spennande spelarar som dei 2 mi har fått inn. Dessutan får eg eit inntrykk av at Pardew ikkje heilt styrer det som skjer. Men for all del, der kan eg ta grundig feil. Og sjølvagt er han mannen som skal byggja laget sitt, og no når han først er manager skal han få lov til dette og tid på seg.