Spelarbørs, 1-10:
Harper - 6
Simpson - 4
Coloccini - 7
Hall - 6
Van Aanholt - 5
Routledge - 4
Smith - 4
Nolan - 3
Guthrie - 3
Carroll - 5
Løvenkrands - 4
-
Best - 5
--
Eg er primært for at ein mann som Løven skal spele der han er klart best (på spissplass), men når Jonas er ute bør vi flytte han ned til venstrekanten. Vi må få Guthrie inn sentralt, og dermed få ein ballfordelar som kan spraye ballen ut til kantspelarane våre. Nolan er ute av form*, Smith er ikkje god nok til å fordele. Med Løven på ein kant får vi også ein som kan dukke opp i boksen, slik at vi i beste fall kan ha to spissar + Nolan og Løva inne i feltet samtidig. Dette er ein plan B CH bør bruke oftare, etter mitt syn.
* Ein del av Nolan-kritikarane verkar til å ha litt korttidsminne. Husk at mannen har scora svært mange viktige mål for oss denne sesongen og vore solid lenge. Han virkar veldig tung i kroppen for øyeblikket, men det tek ikkje vekk det han har gjort tidlegare i sesongen.
Nolan hadde, om ikkje anna, ein svært fin stikkar til PVA i 2. omgang. På tross av at det kanskje var det einaste positive han gjorde, så er det i alle fall ein indikasjon på kva vi kan vere i besittelse av når Nolan er i form.