St. James' Park er i dag nærare eit sirkustelt enn ein fotballstadion. Måten klubben har vorte styrt på, ikkje berre sidan Ashley tok over, men i god tid før det òg, med managerar som går inn og ut av dørene i eit tempo få klubbar kan matche, spelarar som kjem til klubben, hevar løna si og reiser, og ei målsetning som ligg langt over det klubben er i stand til gjer det ufatteleg tungt å vera Newcastle-supportar.
Når ein "degraderar" sin eigen manager til trenar, og kjøper og sel spelarar utan at han har eit ord med i laget har ein ikkje forstått meininga med jobben Keegan utførde. Når manageren i tillegg er folkehelt, skulle ein tru at sjølv ein person som Dennis Wise ville skjøne kven folket ville støtte.
Det fristar å grave seg ned i nok ein Newcastle-depresjon...det er vanskeleg å sjå kva klubben kan gjera for å få tilbake tiltrua frå fansen, men at noko må skje, og det før kampen mot Hull om litt over ei veke, er klart. Ein ny manager må på plass, men kven er det som kan tenkja seg ein jobb i ein klubb som framstår som so lite proffesjonell som Newcastle gjer?
Alan Shearer, ein annan folkehelt, kunne kanskje gjort ein god jobb for Newcastle, men han har inga erfaring som manager. Han er heller ikkje typen som ville funne seg i det som har skjedd med Keegan, og Shearer i tilsvarande situasjon ville nok gjort det same.
Dennis Wise bør ikkje komma i nærleiken av managerstolen på St. James' Park; måten å behandla Keegan på er bevis nok for det.
David Moyes, ingen dårleg manager, men vil han gå frå eit Everton som til tross for ein svak start på sesongen er eit lag som er i stand til å kjempa om Europacupplass? Eg tvilar.
Marcelino? Nei takk.
Rijkard? Hadde ikkje sagt nei, men tvilar på at han vil ta på seg ein klubb som framstår slik Newcastle gjer no, dessverre. Og om han vil ha eit friår som nokon nemnde før i tråden, so kjem han nok ikkje uansett.
Trur heller ikkje Curbs eller Bruce vil ha ein jobb som har ein so høg risiko for å få sparken i løpet av eitt år...