Ja, tenker nøyaktig det samme, gode belgier.
Har døyva tapet av Colo ei stund no, og ser i alle fall eitt pluss med hans avgang. Taylor, Colo og ikkje minst Williamson manglar alle tempo nok til at vi kan stå høgt. Colo har rett nok hjerne til å kompensere veldig for akkurat dette, men eg trur vi kan tjene på å ha ei backlinje som kan stå høgare i banen - spesielt mot lag som vi skal styre kampar mot.
Ein Mbiwa som er varm i trøya - supplert med ein erstattar for Colo som har meir tempo i kroppen - vil gi oss anledning til nettopp dette. Så har vi selvfølgelig også Taylor, som er ei fryd å sjå i drakta uansett.
Coloccini er sjølvsagt eit gedigent tap for oss, men når ein no skal oppsummere karriera hans på Tyneside vil eg likevel hevde at han må stille seg bak Woodgate i køa som beste United-stoppar i mi tid som fan. Woodgate snøra saman ein bederva potetsekk. Kan sjølvsagt også trekke fram Albert her, men han var dessverre aldri del av eit særleg solid forsvar under Keegan I. Albert var den hårete ballerinaen i eit ellers middelmådig cast: For Peacock, Barton og Beresford var ikkje akkurat Bolsjoj-materiale.