Må ha ein tråd om den fantastiske Adeccoligaen også. Det er her mitt kjære Sogndal IL holder til.
Har eit bittelite håp om opprykk men det er lite. Laget er ikkje særlig forsterka, og trenar Karl-Oskar Emberland kan meget mulig være første trenar i sesongen til å få sparken. Laget sliter økonomisk, mest pga satsinga på praktstadionen Fosshaugane Campus, men en del pengar har gått med til unødvendige kjøp frå utlandet. Klubben har nettop blirr forsterka med ein ny kantspelar frå sjølvaste Inter, Valtter Laaksonen. Desverre er det klubben FC Inter fra Finland som er gamleklubben. Så får vi sjå korleis dette går. Det skal også bli spennande om unggutar som Even Hovland, Oddbjørn Skartun, Flo-brødrene m.fl kan heve seg endå et hakk.
Det går uansett mot nok ein spennande sesong i Adeccoligaen, med mange opprykkskandidatar. Start er sjølvskreve, men lag som Sandefjord, Odd Grenland, Sogndal og Haugesund kan også blande seg inn i toppen.