Babayaro er nok engang vår desidert verste.
Huntington var nesten like dårlig defensivt, og Babayaro hadde da i det minste nokre konstruktive bidrag framover. Spesielt i 1. omgang. Begge backane spelte langt dårligare enn det som krevast på dette nivået, men så spørst det korleis du skal vurdere det.. Ein mann som spelar sin fyrste heimekamp i ligaen opp mot innsatsen til ein som har spelt PL-fotball i nesten 10 år?
Ein skuffande kamp, der vi altfor sjeldan utnyttar breidda og der Watford klarar å drage tempoet vårt ned i storparten av kampen. Roeder skal ha pluss for å ha bytta inn Parker og Duff i rett tid, to spelarar som var med på å snu kampen til vår fordel og gi oss tilbake initiativet i ein god Watford-periode. I vår situasjon er dei tre poenga det viktigaste, men vi må heve oss mot betre motstand. Forutan det med tempo og breidda, har vi ikkje gjort heimeleksa vår på dødball imot og dessutan er det tankelaust å slå høgt og langt når Shittu all tid vil banke både Sibierski og Martins i luftrommet.
Min Rating:
Given - 8 (Fantastisk keeper, reaksjonssterk og ein matchvinnar.)
Huntington - 5,5 (Svak posisjonering på 1-1 og for dårlege avleveringar.)
Ramage - 6 (Perifèr ved enkelte høve, stort sett brukbar kontroll.)
Taylor - 8,5 (Fantastisk, dirigerar og er ein fantastisk duellspelar.)
Babayaro - 5,5 (Oppløftande 1. omgang, elendig 2. omgang.)
Dyer - 6,5 (Blir for lite involvert på kanten, gode initiativ sentralt i banen.)
Emre - 6,5 (Enkelte gode driv, litt mindre sprut enn tidlegare i sesongen.)
Butt - 7 (Tryggheit i front av forsvaret, vinn ballar og er til å stole på.)
Milner - 7 (Ein vanvittig assist, ein del dårlege val. Bra defensivt.)
Martins - 7,5 (To mål. Jobbar bra, men får lite igjen for det.)
Sibierski - 6,5 (Vanskelig jobb mot Shittu, legg ned fin innsats.)
Duff - 7 (Gir laget meir sprut og breidde, avgjerande før 2-1.)
Parker - 7 (Gir ein ny dimensjon, herlig oppofrande stil.)