Har vore i Dublin og skal tilbake no i desember...Var i Dublin våren 2009. Det var ein klassetur, 2.året på Ingeniørhøgskulen i Bergen. Det er som Peter seier, ein veldig britisk by. Det er fantastisk gå ut finna seg ein pub, uansett tid på dagen, og ta seg ein pint. Trinity College er nemt. Ellers vil eg anbefala Guiness Storehouse. Og so har du vel Jameson Distillery, der har eg ikkje vore sjølv. Temple Bar District er å anbefala, det er kanskje ei liti "turistfella", men eg tykte det var fantastisk å få med seg live Irsk musikk på ein pub der. Mi vart fortalt av dei lokale at det var litt dyrare der. Mi var og ein tur ute på "landet" eit stykke utanfor Dublin, the Wicklow meinar eg området heiter. Fin natur og nokre kjente ruinar, men dette var jo på våren. Det hjalp veldig på formen den dagen

Jameson whisky er farleg godt...
Skal til Dublin med ein gjeng kameratar no i desember, 17-20. Gler meg!!!