20. juni: Vi ønsker å gjøre forumet mer attraktivt for våre brukere. Vennligst kom med innspill til hvordan vi kan forbedre det! Se i forumkategorien Tilbakemeldinger / info for å gi din mening.
0 medlemmer og 1 gjest leser dette emnet.
Trur dykk det er eit stort problem i dagens fotball? Og er det tilfelle i England på høgaste nivå? Man har visst at det har vore mykje snusk i Italia, men personleg trur eg også det kan vere i England. Ser forøvrig at FA skal trappe opp testinga, så at det har vore smutthull i det gamle systemet er eg sikker på. For å ta nokon ekstremdøme; Det har blitt sagt at Zlatan Ibrahimovic la på seg 20kg muskelmasse i Juventus, dette er EKSTREMT mykje sjølv om ein kanskje er genetisk anlagt for muskelbygging. Med eit godt kosthold, bra gena og nøye planlegging av trening, resitisjon o.s.v kan ein maks rekne med å legge på seg 2,5-5kg rein muskelmasse på EIT år. Dette er med andre ord veldig suspekt. Når du he først lagt på deg så mykje gjennom hard jobbing i fleire år, så går det litt tid for at du mista det om du held kostholdet nokonlunde i rute. Muskla som kjem fort, forsvinn fort er det noko som blir sagt, og vi kan sjå Ibra no i Barca i ein LANGT slankare form enn før. Er det berre tilfelding?