Såklart finst det større namn enn Glenn Roeder, men det var jo òg Kenny Dalglish, Ruud Gullit og Graeme Souness.
Kven kunne spå på forhånd at akkuart Lippi og Klinsmann vil sitje igjen utan jobb? Det er dessutan ganske merkbar forskjell på å vere landslagstrenar og klubbtrenar. Sjå på Åge Hareide. Har vunne seriegull i både Norge, Sverige og Danmark, men gjer ein heller slett jobb med det norske landslaget.
Hadde vi måtte sett oss rundt etter ein ny manager etter VM, midten av Juli, er eg redd mykje av sesongoppkøyringa kunne blitt øydelagd. No har Roeder fått tid til å setje seg inn i jobben, han hadde ei flott tid som care-taker, han har tatt eit steg vidare mot Europa, signert sin fyrste spelar og samla saman eit støtteapparat han er komfortabel med.
Roeder er ein flott fyr. Manglande erfaring og eit usikkert renomè talar til hans disfavør, men det er altfor mykje positivt ein heller kan legge vekt på.