Etter dagens kamp ville eg kanskje gått for Løven aleine på topp mot manure. Når vi ikkje klarer å unytte Carroll si evne til å halde oppe ballen, og heller ikkje klarer å sikte oss inn på hovudet hans (eg trur Vidic fort kan klare å ta ut Carroll uansett), forblir han usynleg. Slik som i dag.
Vidic er derimot langt svakare langs bakken (Vi såg jo korleis Martins leika med han på SJP i nedrykkssesongen, og gjennomløpa frå Løven kan han nok få problem med. Vi har også nok av folk som skal kunne tre han gjennom, både Barton, Jonas og Guthrie. Blir det for få bevegelsar mot målet med kun Løven der framme? Nja, ikkje nødvendigvis. Dersom vi får Routledge med på gjennomløpa kan også han skape problem. Han viser i dag at han har manglar som ballspelar, men gjennombrotskrafta og tempoet kan skape problem for mange.
4-4-1-1 (Med løva på topp, og Rout litt framskutt på høgresida) er mi ønsketenking.