England har seg sjølv å takka. 2 ting som i hovudsak sender dei ut av VM er: 1) dei slepp inn altfor lette mål, eg trudde dei defansivt var sterke. 2) Spelarane er tydeleg nervøse og taklar rett og slett ikkje presset. Ingen av dei store stjernene på England gjer det. Gerrard i går var jo ein skugge av sjølv, samalikna med sesongen i Liverpool. I Man U hadde Rooney skåra 4 i går kveld. Frisparket, headinga, avslutning nesten rett på keeper og til slutt fekk han ei skåring.
Kan og legga til eit punkt 3) dei er ikkje gode nok til å gå vidare...Dette ser ut til å vera eit av dei sør-amerikanske laga sitt VM.
To 2-1 tap og same trenden i begge kampane. Er og einig med det som vart skreve lenger oppe, ingen guts og innsats av spelarane i går.
PS. Eg forstår ikkje korleis ein kan vera supportar av eit engelsk klubblag og ikkje heia i det minste litt på England.
Eg kjem faktisk til å heia på Nederland og Robben føre Uruguay og Suarez...