20. juni: Vi ønsker å gjøre forumet mer attraktivt for våre brukere. Vennligst kom med innspill til hvordan vi kan forbedre det! Se i forumkategorien Tilbakemeldinger / info for å gi din mening.

Vis innlegg

Denne delen lar deg se alle innlegg laget av dette medlemmet. Merk at du bare kan se innlegg gjort i områder du har tilgang til.


Emner - Cutthroat

Sider: [1]
1
Generelt / Newcastle på Soccer AM
« på: 12. Des. 2009, 16:53 »
Denne veka er Newcastle sine juniorar som prøver seg i Skill Skool. Seier lite om kva dei kan få til i kamp, men moro likevel :)

2
Spillere og ledere / Ignacio "Nacho" González
« på: 26. Sep. 2008, 19:11 »
Etter dei siste begredelege kampane har ein tanke slått meg. Kor dårleg/dårleg form må ikkje Nacho vera når midtstopparen Cacapa vert fortrukken på midtbana framfor ein spelar som er van med å spele i den posisjonen? Eller er det berre det at i Newcastle, so er det sånn at ein skal gjera ting litt bakvendt?
To innhopp er alt han har fått hittil, til tross for at Newcastle stiller med den minst kreative midtbana i Premier League...håpar å sjå ein annan sentral midtbaneduo enn Butt/Cacapa mot Blackburn i morgon.

3
Annet / Samplingspunkt i Bergen?
« på: 18. Aug. 2006, 20:52 »
Eg har no flytt til Bergen, og har ikkje lenger Canal+...
Er det nokon andre som befinn seg i Bergen, som veit om ein plass der dei sender Newcastle sine kampar, og som det hadde vore greitt å samlas?
Ikkje heilt det same å sitta åleine i Newcastledrakt, med mange supportarar frå andre lag rundt seg...

4
Fotballens verden / Newcastle - Charlton
« på: 21. Feb. 2006, 22:34 »
I morgon er det klart for den utsatte kampen mellom Newcastle og Charlton på St. James' Park, ein kamp som går direkte på Canal+.

Tips: Newcastle - Charlton H (-1)
Odds: 3.25
Innsats: 200
Bookmaker: Unibet
Innleveringsfrist: 20:40

Newcastle har verkeleg kome seg etter at Graeme Souness endeleg fekk sparken, og har tre strake sigrar, og eg trur dei her får sin 4. strake, mot eit Charltonlag som etter ein god start har vore meir variable i prestasjonane den siste tida.

Newcastle har fått tilbake ein del av spelarane som har vore skada, men må klara seg utan Owen, Taylor og Moore som er skada, mens Babayaro sonar for rødt kort mot Aston Villa. Shearer og Dyer er begge med i troppen, men det er ikkje sikkert at dei spelar, Shearer med kjenningar av ein leggstrekk, og Dyer som manglar kampform, etter langvarig skade.
Men det skal nemnast at Dyer var god mot Southampton i helgas FA-Cup, og vart matchvinnar.

Tabellen før morgondagens kamp:
11 Everton 36
12 Charlton Athletic 33
13 Fulham 32
14 Newcastle United 32
15 Aston Villa 30
16 Middlesbrough 28

Det blir ein kamp mellom to lag som begge ligg lenger ned på tabellen enn dei nok hadde håpt før sesongen, kanskje spesielt for Newcastle sin del, men med seier vil Newcastle passere Charlton og innta 12. plassen.

Som sagt har Newcastle kome seg etter at Souness forsvann, og på dei fem siste har Newcastle 4-0-1 om ein tek med FA-Cupen. 5 siste heime har endt med 3-1-1, mens ein samla for heile sesongen har 7-4-2 på heimebane.

Charlton på si side har ein elendig bortestatistikk i det siste, med 2-1-2 på sine fem siste kampar, 1-1-3 på fem siste borte og 7-1-6 totalt på bortebane, men fem av desse seirane har kome mot dei fem nederste på tabellen.

Historisk har Newcastle eit godt tak på Charlton på St. James' Park, der dei har vunne 20 av 31 kampar. På dei fire siste ser resultata slik ut:

2005-02-05 Newcastle United - Charlton Athletic 1-1
2004-10-17 Charlton Athletic - Newcastle United 1-1
2004-03-20 Newcastle United - Charlton Athletic 3-1
2003-12-20 Charlton Athletic - Newcastle United 0-0

Har trua på at Newcastle fortset framgangen, mens Charlton endå ikkje får det til på bortebane. 2-0 eller 3-0 ser eg på sannsynlege resultat om ein vil spela på resultat. Oddsen på desse resultat er henholdsvis 7.5 for 2-0 og 14 for 3-0. Oddsen for H er akkurat no 1.8, trur den kjem til å gå ned når det nærmar seg kampstart. All odds er henta frå Unibet, veit ikkje kor høg/lav den er på andre bookmakerar.

Kom gjerne med kommentarar/innspel;)

5
Fotballens verden / Chelsea - Liverpool
« på: 05. Feb. 2006, 12:21 »
DÅ er det klart for eit skikkeleg toppoppgjer i Premier League, Chelsea på 1. plass mot Liverpool på 2. plass. Personleg har eg ikkje noko utprega forhold til nokon av laga, men dette er ein kamp eg trur det er verdt å få med seg likevel.

Chelsea har snuble litt dei siste par kampane, men dette er ein kamp dei bør klare å motivera seg til.
Liverpool har verka svært gode og solide etter ein haltande start på sesongen, men ligg fortsatt langt etter poengmessig, dette er sjansen deira til å knappe inn på Chelsea sitt forsprang.

Trur likevel på poengdeling i denne kampen, har tippa på 1-1 som resultat og HT/FT B/U då eg trur Liverpool kjem til å vera best dei første 45 minuttane, mens Chelsea "som vanleg" kjem tilbake i 2. omgang.

6
Fotballens verden / USA - Norge
« på: 29. Jan. 2006, 23:39 »
USA tidleg opp til 1-0, og har spelet. Må nemnast at Norge ikkje stiller med dei beste spelarane, mens amerkianarane spelar for plassar på VM-laget deira.

7
Fotballens verden / Newcastle - Middlesbrough
« på: 02. Jan. 2006, 07:28 »
Kamp: Newcastle-Middlesbrough
Tips: U
Odds/Bookmaker: 3.10 @Unibet
Innsats: 100
Innleveringsfrist: 02/01-06 15:55

Derby i Nord-England i morgon, der Newcastle tek imot Middlesbrough.

På 8 heimkampar står Newcastle med 4-3-1 og 8-6 i målforskjel. Tre siste er 2-1-0.

Middlesbrough på si side står med 2-1-5 og 8-11 i målforskjel på sine bortekampar i år. På dei siste tre står dei med 0-0-3, men har møtt Liverpool og Chelsea i to av desse kampane.

Innbyrdes oppgjer, siste 5:
2005-04-27 Newcastle United - Middlesbrough 0-0
2004-08-14 Middlesbrough - Newcastle United 2-2
2004-02-21 Newcastle United - Middlesbrough 2-1
2003-10-18 Middlesbrough - Newcastle United 0-1
2003-03-05 Middlesbrough - Newcastle United 1-0

Formessig er Middlesbrough det nest dårlegaste laget i Premier League, men møter her eit Newcastle-lag som har ei skadeliste lengre enn eit vondt år, det er faktisk ikkje langt frå at heimelaget har ein heil 11'ar ute, blant dei Owen, Given, Dyer, Emre, Taylor og Ramage, mens Parker er tvilsam, grunna kneproblemar, og Bowyer suspendert.

Antalet skader fører til at Newcastle, nok ein gong denne sesongen, må omrokkere kraftig på laget, men samtidig har klubben vist seg solide på heimebane. Dette, kombinert med Middlesbroughs dårlege form gjer at eg går for uavgjort.

Bet24 tilbyr 3.20 for U.[/b]

8
Fotballens verden / Liverpool - Newcastle
« på: 25. Des. 2005, 12:37 »
Ikkje noko tips denne gongen, berre eit håp...:P

Pause/Slutt 1/2 @Unibet til 39 i odds, trur Newcastle kjem til å sleppe inn mål i første, 1-0 til Liverpool til pause, Newcastle byttar ut Ameobi med Luque, Bramble med Taylor, Owen scorar 2 på assist frå Luque.

Skikkeleg long-shot av eit bet dette, og er ikkje grunnlagt i noko som helst analyse eller liknande:)

9
Fotballens verden / Newcastle - Arsenal
« på: 08. Des. 2005, 12:34 »
Newcastle tek imot Arsenal på lørdag, som alle veit, og i den samanhengen tenkte eg at eg skulle prøva å sette opp nokre oddstips på kampen.

Newcastle - Arsenal under 2.5 til 1.65 @Unibet

Newcastle - Arsenal HU til 1.94 @Unibet


Newcastle har 3-3-1 på sine sju heimekampar denne sesongen, 7-6 i målforskjel, noko som gjev eit snitt på 1.8 mål per kamp.
Arsenal på si side har 1-2-4 på sine bortekampar, 6-10 i målforskjel, noko som gjev eit snitt på 2.3 mål per kamp.

På dei siste fem møta har står det 0-1-4, med målforskjelen 2-7 i Arsenals favør, men ein må to år tilbake i tid for å finna ein kamp med meir enn 2 mål mellom desse laga, 3-2 til Arsenal på Highbury 26.09.2003.

Newcastle får visstnok potensielt viktige spelarar som Owen, Taylor, Carr og Luque tilbake frå skader, mens Dyer fortsatt ikkje er klar.
Arsenal stiller nesten fulltallige, men manglar Ashley Cole og Gael Clichy på venstreback. Litt usikker på om Bergkamp er med, ettersom han ikkje var med mot Ajax, grunna hamstring.

10
Chit chat / Forsvaret
« på: 02. Des. 2005, 17:33 »
Ja, kor mange her inne er det som skal/er/har vore i forsvaret?
Eventuellt ikkje skal/vil i forsvaret?
Og kvifor?

11
Fotballens verden / Crouch som tremålsscorar mot Wigan?
« på: 02. Des. 2005, 11:43 »
Unibet har sett opp eit spel som so og seie garanterar gevinst, nemleg eit spel på om Peter Crouch scorar 3 mål eller fleire mot Wigan.
Oddsen på Nei ligg no på fabelaktige 1.01, men oddsen på Ja er 50.00 :D

Sider: [1]