15
« på: 19. April 2016, 11:58 »
Sidan det tydelegvis er ingen som vil "ta ansvar" for at Newcastle skulle tape idag etter LegionofLight sin knall-kamptråd sist gong prøver eg meg på min andre kamptråd nokonsinne. Trur me vant sist. Skyld på meg om me ikkje gjer det.
Nytt for kampen:
- Vincent Kompany og Raheem Sterling er tilbake, og spesielt fyrstnevnte vil styrke eit allerede sterkt Man.City som slo Chelsea 0-3 på bortebane.
- Kevin Mbabu kan vere tilbake, men er tvilsom spesielt med Dummett og Anita sine gode prestasjonar forrige kamp.
- Silva, Nasri, Sagna og Clichy ser ut til å miste denne kampen for bortelaget, mens Janmaat og Colo framleis er skada før Tirsdagskveldens kamp.
Mykje andre stats, men syns me skal fokusere på at City kan tangere rekorden for seierar på rad mot ein spesifikk motstandar i PL om dei vinn ikveld med 13 seierar på rad. Den må stoppast.