Irriterer meg framleis over at emblemet ser så amatørmessig påsydd ut. Utforminga av draktsponsoren har eg derimot fått meir og meir sansen for. Eit verdshav i kvalitetsskilnad frå Virgin Money-utsmykkinga og til ein del av det rælet ein ser andre plassar (God kveld, tippeligaen). Når det gjeld sjølve draktfargen, synest eg i utgangspunktet at fargen såg litt blass ut. Men den var langt betre på det siste biletet der, Christian, enn på andre bilete eg har sett. Kontrasten mellom dei svarte detaljane på drakta og hovudfargen styrkar også heilheitsinntrykket.
Alt i alt har tredjedrakta ein del å gå på ifht til gulldrakta frå UEFA-reisene med Souness, men den er absolutt akseptabel.