Eg skjønnar ikkje korleis du kan sei det. Ligacupen er vel det nærmaste me kan koma eit trofe i vår levetid...
Heilt enig. Vi MÅ gå for ligacupen heilhjerta i år, akkurat slik vi burde gjort det i større grad i tidlegare år. City heime er inga unnskyldning for å kapitulere. I alle fall ikkje med tanke på at City har følgjande kampar i tidsrommet* rundt oppgjeret: CSKA (B, 23. okt), Chelsea (B, 27. okt), Norwich (H, 2. nov) og CSKA (H, 5. nov). Alle desse fire vil nok ha ein høgare prioritet hos Pellegrini enn kampen mot oss, og det vil også vise igjen på laguttaket.
Over 30 klubbar har vunne ligacupen sidan vi vann den sist. Eg kokar over om ikkje klubben snart tek dette faktum på alvor.
* = Med atterhald om at kampar kan bli flytta som følge av kampen mot oss.
Av alle signeringene i januar 2013 er iallefall Debuchy den største skuffelsen. Jeg hadde sett litt av ham fra før, og visste at han ikke var lynkjapp, men helt ok hurtighet (noe som etter min mening må være et minimum for en PL-back). For meg virker han derimot til tider direkte treig.
Utifrå denne å dømme, så skal han i alle fall ha noko tempo i kroppen. Merk spesielt Debuchy sitt tal samanlikna med Haïdara sitt. Til dette er det sjølvsagt mange merknader å poengtere (fitness-nivået til Haïdara, at det er ein veldig isolert effekt som blir måla, etc). Mitt ankepunkt mot Debuchy til no er at han ofte posisjonerer seg dårleg, og kjem på etterskot som følge av nonchalanse. Dei kampane han i tillegg ikkje får hjelp av HBA blir det gjerne ein fri autostrada ned vår høgreside.
Den kampen mot Villa var jo særdeles bra frå hans side, der han stort sett nøytraliserte Agbonlahor. Eg trur han blir bra på sikt når vi får drilla inn betre samhandling i den nye forsvarslina. Debuchy, MYM, Colo og Santon har ikkje allverdens mange kampar saman som 'unit', så her er det rom for forbetring. Er konsentrasjonen bra, er føresetnadene der for at vi skal kunne levere.