20. juni: Vi ønsker å gjøre forumet mer attraktivt for våre brukere. Vennligst kom med innspill til hvordan vi kan forbedre det! Se i forumkategorien Tilbakemeldinger / info for å gi din mening.

Vis innlegg

Denne delen lar deg se alle innlegg laget av dette medlemmet. Merk at du bare kan se innlegg gjort i områder du har tilgang til.


Meldinger - Hans J

Sider: 1 [2] 3 4 ... 110
16
Må nesten kritisere Lascelles litt for den ene duellen i forkant av straffesituasjonen.

Djevelens advokat her, men:

Eg er av den oppfatning at Clark og Lejeune ferdigheitsmessig er ganske vesentlig betre enn Lascelles. Ta for eksempel den situasjonen der han blir hylla for å blokkere Abraham sitt skot på streken. Sjansen oppstod jo utelukkande fordi Lascelles sjølv slapp han inn bak seg pga. 'ball watching'. Dette nemnte han sjølv i intervju etter Swansea-kampen. Kjenner meg gjennomgåande meir trygg på Clark og Lejeune, sjølv om dei begge har fått ei kraftig ripe kvar dei siste par kampane.

Når det er sagt: Enig med alt Kristoffer seier om mennesket Lascelles. I mine auge er han vår nest herligaste kaptein i tidsrommet etter at eg (og dei fleste andre her) begynte å heie på klubben. Bak Kongen, delt med Nolan, framfor Parker.

Og han er sjølvsagt ein ung mann under utvikling, som Rafa sikkert klarer å gjere til ein veldig habil midstoppar.

17
Generelt / Sv: Newcastle til salgs
« på: 18. Okt. 2017, 13:13 »
"Russian tycoon Mikhail Prokhorov is understood to be monitoring the Newcastle United takeover situation. The Gazette has learned that Prokhorov is looking to invest in the lucrative English Premier League, and has kept a keen eye on developments on Tyneside for some time, with eyes on making a move for the club."

http://www.shieldsgazette.com/sport/football/exclusive-russian-billionaire-worth-7billion-eyes-newcastle-united-takeover-1-8810833

Motstridande rapportar om at han anti-Putin og ein marionettfigur for samme mann. Ellers godt over 2 meter på strømpelesten, så muligens allereie før Mitrovic i spisskøa.


18
Kamper / Sv: Stoke (Premier League) - 16.09.17, 16:00 - Sumo
« på: 16. Sep. 2017, 18:17 »
Men når man ser på  Joselu karriere så langt er det mye som tyder på at det ikke er hverken ivrigheten eller nervøsiteten som gjør at han bommer.

Blir sikkert aldri ein garantist for mål, og bør sikkert ikkje vere førstevalg, men han er i alle fall ofte i avslutningsposisjon. Då er det mulig, med litt justering/coaching, å også kunne forbedre målkontoen. Di Natale og Luca Toni var jo 27-28 då dei slo igjennom på toppnivå. Om Joselu berre kan bli ein brøkdels Toni, så blir han sikkert nyttig, han også.

Såg meir mørkt på situasjonen då vi spelte med Cissé som einsleg spiss, flyktande på vei ut mot hjørneflagget.

(Ikkje at det hovudsakelig var Cissé sin feil, altså. Veit at du og han er close.)  ;)

19
Kamper / Sv: Stoke (Premier League) - 16.09.17, 16:00 - Sumo
« på: 16. Sep. 2017, 18:07 »
Litt urovekkande at vi slepp til såpass mange store sjansar.

Stoke er vel eit typisk "midt på tabellen"-lag i år også, så viktig med 3 poeng. Imponert over Crouch. Fin type å slenge innpå på slutten.

Dårlig press på 1-1. Som nevnt av andre: Ein kopi av målet Huddersfield scora mot oss. Må vere mogleg å gardere seg betre mot. Ein halvhjerta Atsu som går på ei skuddfinte, og Merino som ikkje kjem opp i Shaqiri deretter.

Sikker på at Rafa ikkje tar av, og det bør han ikkje heller.

Ritchie banens beste.

20
Transfers / Sv: Transfersommeren 2017
« på: 12. Juni 2017, 19:31 »
Vanskelig å se at Gouffran tilfører oss mer enn det Anita ville gjort kommende sesong.

Anita har vel vore ein av dei best betalte i klubben etter skraphaug-salget sist sommar, så det er vel rimelig at akkurat det har vore eit ankepunkt mot ein rotasjonsspelar.

Synest også det gir meining å heller forsøke å skaffe ein meir reindyrka høgreback, gjerne med litt luftstyrke, slik at vi ikkje blir sårbare på bakre stolpe på innlegg frå venstre. Posisjoneringsarbeidet til Anita viser også til dels at han ikkje er ein naturleg høgreback (som mot PNE i vårsesongen), og det er vel truleg at han hadde blitt eksponert ytterlegare i ein liga med betre kantspelarar denne sesongen.

Gouffran som andre- eller tredjeval på kant, tredje- eller fjerdeval i 10-rolla, og fjerde- eller femteval som spiss? Ja, det er vel til å leve med. Fin mann å bytte inn dersom vi skal ha ein mann som kan bistå ein back ved eit eventuelt stormløp der vi forsvarer einmålsleiing siste 20.

Forstår det slik at Anita og Gouffran begge er ganske populære i spelargruppa, så i og for seg greitt at éin av dei eventuelt blir verande. Hipp som happ for min del, må eg innrømme.

21
Chit chat / Sv: Musikktråden
« på: 12. Juni 2017, 19:20 »
3 Memphis Kniccas ‎- Kill 'Em Dead

Rest Your Soul er en av de aller feteste hip hop låtene som er laget.

Hørt gjennom plata sikkert 30-35 gongar no, og den har definitivt gått inn på topp 10 over mine favorittalbum i sjangeren.

-

YouTube sendte meg deretter vidare til Ten Toes Down-plata til Ten Wanted Men. Litt meir ujamn enn plata over her, men låta Let Me Kill Em er råkul. Produksjonen er, som du seier, variabel (tross at den er blitt 'remastered' i relativt ny tid), men høyrer godt at det er mange dyktige folk som medverkar her.

Må innrømme at Memphis-scena har vore eit heilt ubeskrive blad for min del, men det har vore eit udelt kult bekjentskap. Du skal ha stor takk for introduksjonen, boris.

22
Chit chat / Sv: Musikktråden
« på: 04. Mars 2017, 10:25 »
Kult. Skal sjekke det ut, boris. I hiphop/rap-sjangeren bruker du å levere godt med tipsa dine.

Sånn halvapropos det tematiske her: I det siste har eg hatt ein skikkeleg fin Mercyful Fate-periode, med EP-en frå to-og-åtti som eit fantastisk fin gjenoppdaging. Falsetten til King Diamond går aldri av moten.

23


                 Hayden  -    Colback

Gouffran     -       Diame      -      Atsu

               


Ville ikkje kvilt både Ritchie og Shelvey i denne.

Preston ser, som Kristoffer er inne på, ut til å evne å låse av bedre lag (ref. Huddersfield og Norwich). Trur det blir for mykje ansvar på Atsu til å opne opp den låsen, dersom han er den einaste reine kreative krafta på midtbanen.

Å forsterke med eit alternativ til Shelvey i januarvindauget, slik at han kan roterast meir med ein spelartype som seg sjølv, trur eg Rafa bør prioritere i januar.

Ser/høyrer/les ellers at Clark ofte går opp på midtbanen for å supplere Shelvey med det kreative, medan Hayden trekk ned i midtforsvaret. Litt slik som Sveits gjorde det med Schär/Behrami i EM.

-
Lazaar er ute i denne.

24
Kamper / Sv: Newcastle - Wolves Tirsdag 20.9 Kl. 20:45 LGCP
« på: 21. Sep. 2016, 23:08 »
Heimekamp mot Preston i neste runde! Digg!

25
Kamper / Sv: Newcastle United-Sunderland 20.03.16 kl. 14.30
« på: 18. Mars 2016, 12:27 »
Akselho: Det kommer an på om det er Newcastlekluivert eller Barcakluivert som melder seg :).

Kluivert hadde 13 mål på 37 kampar den sesongen han var i England, så heilt heilsvart var det vel ikkje? Instinktet og touchen var jo der både i Barca og Newcastle, sjølv om han utvilsamt var meir i sin prime i Spania. Der han også var del av eit langt betre lag.

Uansett: Om han tilbyr seg å coache angriperane, så trur eg han har noko å lære vekk til samtlege av dei. Det hadde for øvrig også vore OK å få tilbake bigamisten Papiss der framme.

26
Spillere og ledere / Sv: Rafael Benitez
« på: 11. Mars 2016, 19:37 »
I tillegg til det som blir nemnt av andre her:

Fint å få inn ein manager som kjenner betydninga av å 'forstå' byen han er manager i. Det han har gjort for Hillsborough Family Support Group, og det genuine engasjementet han viste i alle minnemarkeringane for dei 96 falne, er skikkeleg fint å sjå.

Det vil forhåpentlegvis komme eit sportsleg oppsving. Men det vil forhåpentlegvis også komme eit moralsk og sympatisk oppsving, noko klubben og byen er sveltefora på etter all den patetiske og feige oppførselen (Gutierrez og kreft; å kvitte seg med Raylor, Jonas og McClaren pr. telefon; SportsDirect Arena, handteringa av Hughton-sparkinga; Keegan og Milner, etc. ) som vi har sett frå administrativt hald i fleirfaldige år no. 

Kjenner eg oss rett er det sikkert nok av ting vi kjem til å kritisere Benitez for også, men fint om vi i alle fall får inn ein type som det er mulig å respektere som menneske.

27
Kamper / Sv: Watford - Newcastle United 22.01.16 Kl. 16.00
« på: 22. Jan. 2016, 20:56 »
Kan jo ta inn Lascelles i ei trebackslinje saman med Mbemba og Coloccini, med Janmaat og Gouffran/Aarons som vingbackar. Litt mindre defensivt ansvar for venstrebacken då, noko eg trur dei begge (tippar vel Gouffran er nærare den startplassen enn Aarons, slik McC ser det) kan ha godt av.

Dersom McClaren vil fortsette med 4-2-3-1, så trur eg det er meir sannsynleg at han omskolerer ein av dei tre gjenverande midtstopparane til venstreback enn at han tar inn Gouffran eller Aarons der.

28
Transfers / Sv: Transfervinduet januar 2016
« på: 18. Des. 2015, 20:21 »
Når ein diskuterer spisskombinasjonar, kjem ein ikkje unna å også måtte diskutere korleis vi disponerer dei åtte andre utespelarane i ein kampsituasjon. For vår del må vi over ti år tilbake for å finne sist der var to fungerande kantspelarar på banen samtidig - Solano og Robert.

Det har igjen ført til at vi dei siste 10-11 sesongane har hatt utruleg smaltspelande lag - tidvis suksessrikt då vi hadde Cabaye eller Barton til å sikte inn på Carroll, Ameobi eller Ba, kanskje aller best eksemplifisert med kampen då vi banka manure 3-0 ein heftig herlig januarkveld (med Ameobi og Ba på topp.)

Samtidig har mangelen på kantspel ført til at vi knapt nok har åpna opp eit einaste forsvar i etablert angrep dei siste ti åra. Enten har vi blitt for smale utan folk som kan skalke opp forsvar, eller så har vi blitt så eindimensjonale at motstandarlaget veit kva side dei må gardere seg mot (ref. då alle angrep bakfrå i banen starta med raid frå José Enrique opp til Gutierrez.) Det fører til at det knapt blir rom å spele i, og såleis nesten umogleg for ein Bellamy-type å true bakrom.

Skal vi bli noko anna enn eit sporadisk godt lag, og med eit verstenivå som aldri sluttar å sjokkere, så er vi snart nødt til å utvikle eit litt meir interessant og variert angrepsmønster. Klarer vi det, så har vi sikkert bruk for både Ayoze, Mitrovic, Austin, etc.

29
Kamper / Sv: Tottenham-Newcastle 13.12.15 Kl. 17:00
« på: 16. Des. 2015, 17:53 »
Trur du overdriver betydninga til McClaren her. Og eg trur aldri i verden at Pardew var utslagsgjevande for å sikre oss det som på dåverande tidspunkt var ein minst like ettertrakta nederlandsk spelar i Janmaat.

Wijnaldum ville til Premier League, og i tida før han signerte for oss var det vel berre mackems (av engelske klubbar) som også viste seriøs interesse for han. Om renommé i nederlandsk fotball hadde vore tunga på vektskåla, så er det vel like plausibelt å tenke at han burde gått over til Advocaat (som har trent Wijnaldum - med stor suksess - tidlegare.)

Og det med Cabaye? Handlar ikkje det like mykje om uvilje mot å gi ein aldrande mann 100k i veka (dersom rapportane frå Palace er riktige), meir enn kva trenar som er der? Men Pardew har i det minste hatt Cabaye på treningsfeltet før, og det bør vel i så måte bety meir enn at Wijnaldum kanskje visste kven McClaren var før han signerte her.


30
Spillere og ledere / Sv: Hatem Ben Arfa
« på: 28. Sep. 2015, 20:01 »
Ein mindre firkanta måte å sjå det på, er vel at det eksisterer ganske mykje mellom dei to ytterpunkta du skisserer her. Det er ganske mange klubbar som klarer å få til triveleg kantspel, utan å måtte behøve å vurdere verken HBA eller den gråsteinen der som særleg seriøse alternativ.

Og når det gjeld kva eg får ut av fotballinteressen? Fint lite, noko eg har til felles med resten her inne som har fulgt dette laget ei god stund.

Sider: 1 [2] 3 4 ... 110