Må nesten kritisere Lascelles litt for den ene duellen i forkant av straffesituasjonen.
Djevelens advokat her, men:
Eg er av den oppfatning at Clark og Lejeune
ferdigheitsmessig er ganske vesentlig betre enn Lascelles. Ta for eksempel den situasjonen der han blir hylla for å blokkere Abraham sitt skot på streken. Sjansen oppstod jo utelukkande fordi Lascelles sjølv slapp han inn bak seg pga. 'ball watching'. Dette nemnte han sjølv i intervju etter Swansea-kampen. Kjenner meg gjennomgåande meir trygg på Clark og Lejeune, sjølv om dei begge har fått ei kraftig ripe kvar dei siste par kampane.
Når det er sagt: Enig med alt Kristoffer seier om mennesket Lascelles. I mine auge er han vår nest herligaste kaptein i tidsrommet etter at eg (og dei fleste andre her) begynte å heie på klubben. Bak Kongen, delt med Nolan, framfor Parker.
Og han er sjølvsagt ein ung mann under utvikling, som Rafa sikkert klarer å gjere til ein veldig habil midstoppar.