Mitt einaste ønske for oppstillinga er å sjå Ben Arfa i tospann med Ba på topp. Sånn som vi fungerer om dagen - knapt med ein einaste mann som fyller opp i boksen, og null reelt spel gjennom midten - er det ingen vits i å kaste vekk Ben Arfa ute på ein kant med få folk og sikte på, eller nede ved midtbanestreken for å hente ballen frå Williamson og kompani. Han kan umulig koordinere rollefordelinga med Ba dårlegare enn DPC, så då får vi berre satse på at han kan plukke opp eit par andreballar eller få sjansen til å utfordre Swansea-forsvaret direkte langs bakken.
Ellers er jo draumen at vi får flytta Cabaye lenger opp i banen. I realiteten skulle dette vere ein meir risikofylt kamp å stå høgt i enn det var sist (jf. at Swansea skal ha langt hurtigare angrepsvåpen å kontre med enn WHU), men akkurat no er eg frista til å gi blanke i alt som heiter logikk og kløkt.
Etter den rohypnoloverdosen av ein kamp sist, så er det eit fordømt folkekrav at vi må flytte laget godt inn på Swansea sin banehalvdel og KONTROLLERE det som skal skje. Så får vi heller berre risikere at Routledge, Dyer, Graham, Hernandez osb. kan komme åleine med Krul, som for øvrig er ein av få som ikkje har falma kraftig sidan forrige sesong.