20. juni: Vi ønsker å gjøre forumet mer attraktivt for våre brukere. Vennligst kom med innspill til hvordan vi kan forbedre det! Se i forumkategorien Tilbakemeldinger / info for å gi din mening.

Vis innlegg

Denne delen lar deg se alle innlegg laget av dette medlemmet. Merk at du bare kan se innlegg gjort i omrder du har tilgang til.


Emner - Hans J

Sider: [1]
1
Spillere og ledere / Player of the Season 2012/13
« p: 12. Mai 2013, 23:11 »
Alternativ 1-25 er dei 25 med flest kampar for Newcastle denne sesongen (PL, FA-cup, Ligacup og Europa League). Alternativ 26 og 27 er dels inkludert av affektive årsaker, og dels fordi eg trykka "legg til alternativ" to gongar for mykje og ikkje klarte å fjerne dei.

Dette har vore ein såpass elendig sesong - med såpass få spelarar som har glimta til over tid - at det er vanskelig å plukke ut eit mindre sjikt av kandidatar. I og med at det er såpass tett mellom dei minst dårlege denne sesongen, har kvar brukar lov til å gi stemme til fire ulike spelarar. Det er ikkje mulig å endre stemmene etter at ein har levert sin dom.

Dei som er usikre, anbefalast å vente til etter Arsenal-kampen med å avgi stemme. Pollen er oppe i 30 dagar, så det er nok av tid til å tenke seg om.

3
Spillere og ledere / Paul Barron
« p: 06. Des. 2010, 18:26 »
Såg han ikkje hadde eigen tråd, og vi kan vel ikkje gløyme han i alt oppstyret heller.

Takk for alt du har gjort med målvaktene våre, Paul Barron. Du skal også ha din del av æra for opprykket.

Lykke til vidare.

4
Spillere og ledere / James Tavernier
« p: 25. Sep. 2009, 23:46 »
Ettersom han fekk sin fyrstelagsdebut på tysdag, fortener han vel ein eigen tråd. Tavernier var etter rapportane vår beste i ein temmeleg heilsvart kamp. Alltid fint å få opp lovande forsvarsspelarar, håpar han kan ta steget opp og bli fast på laget innan nokre år. Med vår tynnslitne, skadeplaga stall er det ikkje utruleg om vi får sjå han i seriekampar i løpet av sesongen.

Trur folket at Tavernier er ein mann som kan ta steget og bli vår nye Warren Barton?

5
Annet / Ny blogg om Newcastle United ++
« p: 13. Okt. 2008, 22:37 »
I likskap med alle andre gode og ekte folk her inne, har også eg valt å halde med dette laget her. Å vere trufast mot laget kan vere tungt somme tider, men ein angrar aldri når dei kortvarige oppturane dukkar opp. Eg trur det er få som jublar så mykje over gevinstar som Newcastle-supportarar, få som er så langt nede når det altfor ofte går gale og folk som endrar sinnstemning i løpet av berre få sekund..

Eg har ikkje skrive så veldig mange innlegg her, men eg er ein trufast lesar og synest at det er artig å lese ulike synspunkt om den klubben som vi alle har ei formeining om, og som det aldri er kjedeleg å følgje med. Eg tenkte eg skulle linke til ein ny blogg som eg har oppretta, der eg reflekterar litt over det generelle ved klubben samt kjem med referat + spelarbørs etter kvar seriekamp.

Hadde vore hyggeleg dersom folk hadde stukke innom og lest litt av og til..  (skal dog nemnast at det ikkje berre er Newcastle som blir skrive om, men hovudsakleg trur eg det blir det som står i sentrum). Dersom eg har bryte noko form for retningslinjer ang. reklamering for andre sider, beklagar eg det på det sterkaste. Så får moderatorane gjere det som står i deira rett, evt.

http://www.hj-fivelstad.blogspot.com

Ha ein fin kveld,
mvh Hans J.


Sider: [1]