20. juni: Vi ønsker å gjøre forumet mer attraktivt for våre brukere. Vennligst kom med innspill til hvordan vi kan forbedre det! Se i forumkategorien Tilbakemeldinger / info for å gi din mening.

Vis innlegg

Denne delen lar deg se alle innlegg laget av dette medlemmet. Merk at du bare kan se innlegg gjort i områder du har tilgang til.


Meldinger - Hans J

Sider: [1] 2 3 ... 110
1
Chit chat / Sv: Musikktråden
« på: 09. Juli 2018, 11:48 »
Har du sjekka ut hittil siste sprell frå Adrian Younge, .boris?

https://www.allmusic.com/album/the-midnight-hour-mw0003180509

Samarbeid med Ali Shaheed Muhammad (ATcQ.)

Har ikkje fått tid til å lytte på det, men ser jo unektelig litt kult ut.

OPPDATERING: Har lytta gjennom det no. Dommen er vel at dette passar best som bakgrunnsmusikk. Noko ein best kan nyte sitjande i ein plysjstol i ein foajé. Fint nok og kult nok, men på ingen måte noko som kan måle seg med "Twelve Reasons to Die I" (ikkje at dei verkar til å ha forsøkt å lage noko tilsvarende heller.)
 

2
Transfers / Sv: Transfersommeren 2018
« på: 02. Mai 2018, 08:40 »
Ellers skal vi visstnok ha hatt speidere på plass i Portugal lørdag, sett på Sporting CP - Portimonense. Da er det fort Bas Dost som har vært spilleren under lupen. Kjenner jeg fortsatt er ganske lunken til han altså.

Ifølge Twitter-kontoen Scouts in Attendance (aner ikkje kor truverdig den er) så er det Shoya Nakajima som var den av interesse her. Southampton, Eibar og Sevilla hadde representantar der av same grunn som oss.

3
Lejeune (...) klasseforskjell på han og Clark. Mye, mye bedre.

Enig!

Saksar denne statistikken, som eg såg nokon la ut i går kveld.

Jamaal Lascelles and Florian Lejeune as a pair:

- Five goals conceded in 622 minutes across eight appearances.
- One goal conceded in 207 minutes across three appearances against top-six sides.

Desse to og Dummett er stort sett knallsolide, og ein ser tydeleg at både JL og PD har lært mykje sidan Rafa tok over.

Desse nonchalanse-feila til Lejeune synest eg mange (ikkje nødvendigvis her inne) legg alt for stor vekt på. Heilt naturleg at han spelar med noko høgare risiko enn mindre ballsikre spelarar, og eg trur han kjem til å bli noko à la det Woodgate og Colo var for oss på sitt beste så snart han fleire kampar under beltet. Kjempetrua.

4
Ekstremt bra kamp! 100 prosent dønn ærlig innsats og tusenvis av kilometer nedlagt av Gayle, Perez, Kenedy og Ritchie. Diame anno 2018 er ein deilig årgang, og forsvarsfiraren stangar ut og sparkar vekk det som blir slått inn i vår boks.

Dei to beste i dag må likevel vere Shelvey og Dubravka. Førstnevnte er klok (!!) og kald (!!) i samfulle 95 min, og gjer endeleg den defensive jobben prikkfritt også. Dubravka er 100 prosent feilfri. Må tilbake til Tioté (og kanskje enda lengre) for å finne ein betre debut av ein Newcastle-spelar.

Litt av eit lydnivå på SJP på slutten der!

5
Darlow - 7

Kan gå med på - i lys av det Geir og TooN skriv - at karakteren er i overkant snill for Darlow. Baserte den på redningane på skota frå Zaha og Benteke i 1. omgang, samt at han då faktisk var ute i feltet og plukka litt også (med betre hell enn tidlegare.)

Blir betraktelig meir rotete i 2. omgang, men den usikkerheita kan ikkje Darlow få all skuld for. Det er ganske elementære feil som blir gjort frå dei ti framfor han, og mesteparten av dette er ikkje strukturelle ting som Darlow kan spasere ut og rette opp i en fei med betre kommunikasjon. Trur de Gea også hadde sett usikker ut med dei same spelarane framfor seg i 2. omgang.

Fotarbeidet til Darlow er elendig, men det er jo regelen meir enn unntaket for Newcastle-målvakter. Ja, han kunne ha vore tryggare i feltarbeidet. Ja, han kunne gitt færre returar. Og ja, kanskje kunne han også tatt straffesparket (sjølv om han i det minste gikk rett vei.)

Eg justerer det ned til terningkast 6, og står fast på at han var (positive involveringar i 1. omgang tatt med i betraktninga) ein av dei betre av våre i dag. Så får Panzer heller betvile mi mentale helse.

Som ein fotnote kan eg legge til at eg ikkje er nokon stor Darlow-fan til vanleg, og at eg helst skulle sett både han og Elliot ut av klubben lenge før vi måtte begynne å tenke på slovakiske kriseløysingar.

6
Darlow - 7

Yedlin - 4
Lascelles - 4
Clark - 2
Dummett - 5

Ritchie - 2
Shelvey - 2
Diame - 6
Kenedy - 5

Perez - 3

Gayle - 2

Kanskje den svakaste 2. omgangen vi har spelt på årevis, spesielt mtp. at dette er ein motstandar som vi bør kunne matche.

7
Palace spaserer for lett gjennom midten. Skulle gjerne hatt litt kvikkare føtter inn for Shelvey og/eller Ritchie tidlig i 2. omgang.

Fine omgangar av Kenedy, Perez, Diame, Darlow og Dummett. Resten stort sett OK.

8
Sitterpå et fly, men har vi kontroll? Styrer vi?

Spør piloten.




Neida, vi styrer. Nærmare 2 og 3 enn Burnley er 1-1.

9
Noen som kan forklare meg hvordan man får bort reklamen på streamen? :( Takk

Trykk på x-ane i rekkefølge frå minst til størst?

Aner ikkje kva stream du har, men det er ofte et triks.

10
Enig med Daniel ang. Shelvey. Synes Diame (vår beste i 2018) fortener plassen sin langt meir enn det JS gjer. Sistnevnte byr stadig på elendig førsteforsvarsspel, og er ofte ufattelig svak i gjenvinning. Også et sjansespel på alle frontar som involverer sjølvkontroll og disiplin.

Skulle gjerne sett Murphy, men det skal vere nok i det laget her til å skape ubalanse mot eit på papiret ganske grått mannskap. Tenk at Bardsley fortsatt får speletid i PL....

11
Spillere og ledere / Sv: Young Magpies
« på: 19. Jan. 2018, 17:06 »
Bekymringsfullt at vår kanskje mest - av dei som ikkje allereie er utlånt - "spennande" utespelar (Barlaser) på u23-nivå endar opp i ein L2-klubb (Crewe) når også han endelig skal på utlån. Det er jo også ein grunn til at vi alltid har ein dårleg stall, som bør forsterkast med maks 10 kvart vindu: At vi nesten aldri klarer å fostre opp noko matnyttig sjølv.

Eit verdenshav opp og fram til klubbar som Southampton og Everton, dessverre.

12
Generelt / Sv: Premier League 2017/18
« på: 20. Nov. 2017, 19:15 »
Utruleg at den dinosauren har hatt jobb i same liga som Guardiola. Får Robert Mugabe til å framstå som eit friskt pust.

13
Transfers / Sv: Transfervindu Januar 2018
« på: 23. Okt. 2017, 16:59 »
Det einaste eg håpar på er at vi ved eit oppkjøp får tilslag på dei spelarane som Rafa faktisk vil ha. At vi ikkje mistar sjansen på grunn av meiningslaus pruting på pris. Og at vi ikkje må vente til heilt på tampen av vinduet, og igjen ikkje får brukt treningskampane til å spele inn folk.

For januar?

Cairney frå Fulham (ev. Praet frå Sampdoria) inn der Perez spelar no.
Tosun inn der Joselu spelar no.
Gjerne Tagliafico (om rapportane stemmer) inn for Manquillo.

Aller helst også ein meir patent målvakt - slik at vi kan få lånt ut Woodman til ein Championship-klubb. Ganske sikkert på at vi allereie har sett Rob Elliot sitt bestenivå, og at vi kan knipe ytterligare inn på topp 4-6 om vi får ein rutinert målvakt med litt meir tyngde.

14
Støtter diagnosen av at vi sleit med å åpne etablert forsvar mot CP, men føler at enkelte her har lagt feil pasient på operasjonsbordet.

Hovudansvaret for å åpne forsvar kan jo ikkje ligge på 10-aren, men heller på Shelvey. Det er jo han som må få fart på kula og vri spelet, slik at kantspelarane får rom til å utfordre backane, slik at CP kjem i ubalanse, slik at det blir rom for Perez og Joselu i og rundt boksen.

Kan også legge til at eg har absolutt null tru på den ideen om at Shelvey skal kunne fungere i den rolla som Perez har p.t. Han er altfor treig på små flater og arbeidsinnsatsen hans er (om enn i betring) altfor variabel. Merino kan kanskje fungere der.

Like fullt: Støtter at vi oppgraderer Joselu/Perez i januarvinduet. Så er det sagt.

15
Den defensive organiseringa (som rettmessig blir hylla) startar med eit godt førsteforsvar, og 100 % ærleg og effektiv arbeidinnsats frå dei spelarane som ligg lengst framme i banen. Det er vel sikkert i hovudsak der Benitez føler at Aarons, Mitrovic og 'lazy' Diame står tilbake for Atsu, Joselu og Ayoze. Dei tre sistnemnte har ei nøkkelrolle når det gjeld å hindre at angrep blir starta bakfrå. Statistikken antyder at innsatsen deira også har hatt ein effekt.

Kan godt forstå dei som vil ha Mitrovic inn, men er langt på vei sikker på at han er i stand til å låse av forsvar på ein klok måte. Han virkar ikkje akkurat til å vere blant dei smartaste pattedyra på denne planeten. Er nesten sånn at eg trur Daryl Murphy kunne bidratt like mykje.

Kryssar fingrane for at vi får inn litt meir krutt i januar, og gjerne Tosun frå Besiktas. Er vel sannsynleg at Gayle får returbilletten sin til Championship i same vindu.

Sider: [1] 2 3 ... 110