St James Park
i kveld kl2045
Eg hoppar i det og gjer comeback i eit desperat forsøk på å snu vår ekstremt dårlege form!
Everton kjem på besøk med ny manager. Ein gammal kjenning som går under kallenamnet Big Sam. Han er heilt sikkert veldig motivert for å øydeleggje for sin tidlegare klubb. Det har han og ein veldig god sjanse til no.
Dei har 2 seirar og 1 uavgjort på sine 3 siste og viser god for form. Everton har seks spelara ute med skade: Maarten Stekelenburg, Seamus Coleman, Ramiro Funes Mori, Leighton Baines, Ross Barkley og Yannick Bolasie.
Sannsynleg lag i kveld: Pickford; Kenny, Holgate, Williams, Martina; Rooney, Davies, Gueye, Sigurdsson; Calvert-Lewin, Niasse
Newcastle og Benitez sliter verkeleg om dagen. Det begynnar verkeleg å "brenna på dass". 1 seier på dei siste 11. 6 tap på dei siste 7.
Trur det beste er berre gløyma alt som har skjedd tidlegare i sesongen og skal skje vidare i sesongen. Einaste fokuset bør liggja på kampen i kveld og det å få spelt ein "perfekt" kamp.
Paul Dummett er framleis ikkje klar.
Sannsynleg lag i kveld: Darlow; Yedlin, Lascelles, Clark, Manquillo; Murphy, Shelvey, Merino, Atsu; Gayle, Joselu
Mitt forslag: Woodman; Yedlin, Clark, Lascelles, Mbemba; Aarons, Shelvey/Hayden, Merino, Atsu; Mitrovic, Gayle
Greier ikkje heilt bestemma meg om eg vil ha Hayden og Merino eller Shelvey og Merino.
HOWAY THE LADS