20. juni: Vi ønsker å gjøre forumet mer attraktivt for våre brukere. Vennligst kom med innspill til hvordan vi kan forbedre det! Se i forumkategorien Tilbakemeldinger / info for å gi din mening.

Skrevet av Emne: Stoke City - Newcastle, Ons 28 nov. 20:45  (Lest 37923 ganger)

0 medlemmer og 1 gjest leser dette emnet.

Hans J

  • Midtbaneanker
  • ****
  • Innlegg: 1644
    • Vis profil
Sv: Stoke City - Newcastle, Ons 28 nov. 20:45
« Svar #255 på: 30. Nov. 2012, 13:30 »
Bolton (B) 0-2: Pardew snur den dårlege trenden. HBA og Ba skårar for oss. Sterk og viktig seier.

Denne kampen er eit av mine sterkaste minne frå sist sesong, på tross av at eg var forhindra å sjå kampen. Dette på grunn av at orkanen Dagmar hadde banka det lokale E-verket i ei batalje litt tidlegare. Hugsar eg sat nedtrykt på eit stummande mørkt kjøkken i ein ellers kald og mørk kveld. Mobilen var tom for batteri. Eg trur eg var omtrent like funksjonsfrisk og omgjengelig som Helen Keller på dette tidspunktet. Då ein kurér omsider trengte seg gjennom vegsperringane og formidla resultatet frå Bolton-kampen, var effekten på meg omtrent som om nemnte Keller skulle bli berørt av Snåsamannen.

Dessverre kom elektrisiteten tidsnok tilbake til at eg fekk sjå Bellamy fyre inn eit frispark mot NUFC, etter kanskje - blant mange - den mest patetiske av Simpsons inngripenar i svart og kvit drakt.

Fin oppsummering ellers, grind.
-
Når det gjeld kampen sist, og situasjonen klubben er i, så blir mine synspunkt greitt dekka i ein overraskande innsiktsfull artikkel frå SkySports. Her er den.

lgrinde

  • Kaptein
  • *****
  • Innlegg: 8981
    • Vis profil
Sv: Stoke City - Newcastle, Ons 28 nov. 20:45
« Svar #256 på: 30. Nov. 2012, 14:53 »
Bolton (B) 0-2: Pardew snur den dårlege trenden. HBA og Ba skårar for oss. Sterk og viktig seier.

Denne kampen er eit av mine sterkaste minne frå sist sesong, på tross av at eg var forhindra å sjå kampen. Dette på grunn av at orkanen Dagmar hadde banka det lokale E-verket i ei batalje litt tidlegare. Hugsar eg sat nedtrykt på eit stummande mørkt kjøkken i ein ellers kald og mørk kveld. Mobilen var tom for batteri. Eg trur eg var omtrent like funksjonsfrisk og omgjengelig som Helen Keller på dette tidspunktet. Då ein kurér omsider trengte seg gjennom vegsperringane og formidla resultatet frå Bolton-kampen, var effekten på meg omtrent som om nemnte Keller skulle bli berørt av Snåsamannen.

Dessverre kom elektrisiteten tidsnok tilbake til at eg fekk sjå Bellamy fyre inn eit frispark mot NUFC, etter kanskje - blant mange - den mest patetiske av Simpsons inngripenar i svart og kvit drakt.

Fin oppsummering ellers, grind.
-
Når det gjeld kampen sist, og situasjonen klubben er i, så blir mine synspunkt greitt dekka i ein overraskande innsiktsfull artikkel frå SkySports. Her er den.

Takk.

Hehe. Eg hugsar den ganske so godt sjølv! Var heima på Leikanger og alt var stummande mørkt. Sette eg meg ut i bilen min og høyrte på AM bandet. Der finne ein ofta ein engelsk kanal. Det var vel noko BBC fotballstudio -aktig ;) Genialt. Gode minner frå då eg var liten og ofte brukte desse kanalane til å fylgje kampane til Newcastle.