Vanskelig å se at Gouffran tilfører oss mer enn det Anita ville gjort kommende sesong.
Anita har vel vore ein av dei best betalte i klubben etter skraphaug-salget sist sommar, så det er vel rimelig at akkurat det har vore eit ankepunkt mot ein rotasjonsspelar.
Synest også det gir meining å heller forsøke å skaffe ein meir reindyrka høgreback, gjerne med litt luftstyrke, slik at vi ikkje blir sårbare på bakre stolpe på innlegg frå venstre. Posisjoneringsarbeidet til Anita viser også til dels at han ikkje er ein naturleg høgreback (som mot PNE i vårsesongen), og det er vel truleg at han hadde blitt eksponert ytterlegare i ein liga med betre kantspelarar denne sesongen.
Gouffran som andre- eller tredjeval på kant, tredje- eller fjerdeval i 10-rolla, og fjerde- eller femteval som spiss? Ja, det er vel til å leve med. Fin mann å bytte inn dersom vi skal ha ein mann som kan bistå ein back ved eit eventuelt stormløp der vi forsvarer einmålsleiing siste 20.
Forstår det slik at Anita og Gouffran begge er ganske populære i spelargruppa, så i og for seg greitt at éin av dei eventuelt blir verande. Hipp som happ for min del, må eg innrømme.