Darlow - 7
Kan gå med på - i lys av det Geir og TooN skriv - at karakteren er i overkant snill for Darlow. Baserte den på redningane på skota frå Zaha og Benteke i 1. omgang, samt at han då faktisk var ute i feltet og plukka litt også (med betre hell enn tidlegare.)
Blir betraktelig meir rotete i 2. omgang, men den usikkerheita kan ikkje Darlow få all skuld for. Det er ganske elementære feil som blir gjort frå dei ti framfor han, og mesteparten av dette er ikkje strukturelle ting som Darlow kan spasere ut og rette opp i en fei med betre kommunikasjon. Trur de Gea også hadde sett usikker ut med dei same spelarane framfor seg i 2. omgang.
Fotarbeidet til Darlow er elendig, men det er jo regelen meir enn unntaket for Newcastle-målvakter. Ja, han kunne ha vore tryggare i feltarbeidet. Ja, han kunne gitt færre returar. Og ja, kanskje kunne han også tatt straffesparket (sjølv om han i det minste gikk rett vei.)
Eg justerer det ned til terningkast 6, og står fast på at han var (positive involveringar i 1. omgang tatt med i betraktninga) ein av dei betre av våre i dag. Så får Panzer heller betvile mi mentale helse.
Som ein fotnote kan eg legge til at eg ikkje er nokon stor Darlow-fan til vanleg, og at eg helst skulle sett både han og Elliot ut av klubben lenge før vi måtte begynne å tenke på slovakiske kriseløysingar.