André-Pierre-Gignac

Ligue 1′s toppscorar til Newcastle?

Oppdatert: 29. October 2014

Franskmannen står utan klubb ved slutten av sesongen, og vurderer fleire Premier League-klubbar.

André-Pierre Gignac vart linka til Newcastle allereie forrige overgangsvindauge, men med ein strålande form for Marseille denne sesongen ser spissen kanskje sitt snitt til å spele Premier League neste sesong. 28-åringen står med 10 mål på 11 kampar i Ligue 1 så langt, og dette satt i samanheng med Franske skattereformar kan gjere det umogeleg for Olympique Marseille å halde på spissen.

Gignac kan vere tilgjengelig allereie i Januar for ein redusert pris, eller kan arrangere ein overgang etter endt kontrakt til neste sommar. Så langt har Arsenal vist si interesse, men Newcastle kan nok freiste med fast speletid og ein ganske anna posisjon i stallen. For ein 28-åring i kjempeform kan dette verta avgjerande. Marseille sin president Vincent Labrune har på si side lyst å behalde spissen, men kan ikkje halde spissen på samme løna etter endringane i Fransk skattelov som gir både økt skatt og arbeidsgivaravgift.

Spissen med kallenavnet Dédé er kjent for å vere ein sterk spiss med gode eigenskapar på hovudet. Gignac signerte for Marseille i 2010, og vart annonsert for klubben same dagen som tidlegare Newcastle-spelar Löic Remy. Fulham skal ha vore interessert i 2011, og Arsenal har fulgt spissen over fleire år. André-Pierre Gignac står overfor eit vegskille i si karriere, og med eit valg i retning St.James Park kan han erstatte same spelaren har vart henta isaman med i 2010.

 

You must be logged in to post a comment Login