alan-pardew-stoke-city-newcastle-united-nufc-04-600x410

Ingen taktiske endringar frå Pardew

Oppdatert: 02. October 2014

Med -7 i målforskjell og fattige 3 poeng på 6 kampar stiller mange ekspertar og fans seg tvilande til Alan Pardews taktikk så langt denne sesongen. Newcastles manager er under eit enormt press, og vil måtte svare til eigar Mike Ashley etter at den sjuande Premier League-runden for året er ferdigspelt. Newcastle har så langt stilt utelukkande med ein spiss, og med dagens stall og taktiske val så langt vil det vere lite sannsynleg med ein endring før Lørdagens bortekamp.

Riviere åleine på topp

Så langt har nysignering Emmanuel Riviere vore fyrstevalg på topp. Dette til tross av rapportar frå tida hans i Fransk liga på at dette er ein spelar som gjer sine beste kampar i eit tospann på spissplass. I Monaco gjorde Riviere sine beste kampar bak Rademel Falcao, og utnytta oppmerksomheita på sin spissmakker til det fulle. I forrige kamp mot Stoke vart spissens noverande problem veldig synlege. Eit skudd på mål, og svært få spark på ballen tvang Pardew til å gjere grep etter 45 minuttar. Når Newcastle returnerer for dei siste 45 minuttane er det svært forutsigbare byttet gjort med Papiss Cissé inn for Riviere, og istadenfor å satse på to spissar fortsetter den same taktikken som tilslutt resulterte i eit blokkert skudd utanfor straffefeltet frå innbyttaren.

Pardews alternativ

Papiss Cissé gjorde ein god kamp med heile to mål mot Hull, men manglande kampform gjer han til eit lite truleg valg for helga. Dette gir Riviere kun konkurranse i Adam Armstrong, Facundo Ferreyra og Ayoze Perez. Mange etterlyste spesielt akademiproduktet Armstrong framføre både Sammy Ameobi og Gabriel Obertan etter bortetapet mot Stoke. Verken Perez eller Ferreyra har fått særlig med speletid, og rapportar om at sistnevnte ankom klubben i svært dårlig form gjer han mest sannsynlig fullstendig uaktuell til skjebnekampen.

Avgjerande faktorar

For at Pardew ikkje skal miste jobben under landslagspausen neste veke er det fleire nøkkelspelarar som må prestere i same taktikk som mot Stoke. Cheick Tioté var på tross av eit ynskje om å forlate Newcastle ein av Pardews nøkkelspelarar mot Stoke. Som lagets beste pasningspelar med 61/76 vellykka pasningar og med heile 13 ballgjenvinningar på førre Måndag, er han eit soleklart fyrstevalg mot eit formsterkt Swansea. At ei sålangt vaklande forsvarslinje kan halde nullen vert også svært avgjerande i ein kamp det ikkje kan forventast mange mål til bortelaget. Eit stortap kan bety kroken på døra for Alan Pardew, og dei aller fleste Newcastle-supportarar vil fylgje denne kampen med stor spenning.

You must be logged in to post a comment Login