Gameweek 6 - Stoke

Før kampen: Stoke – Newcastle

Oppdatert: 28. September 2014

For den sjette ligarunden for sesongen venter Stoke på Brittania Stadium. Heimelaget har så langt samla 5 poeng, og ligg på ein 13.plass ved slutten av 5.serierunde. Newcastle har på si side samla fattige 3 poeng, og er plassert på botnen av same tabell. Med murrande supportarar og eit tvetydig intervju med Mike Ashley hengande over seg, har Alan Pardew ei viktig oppgåve framføre seg for klubben – og ikkje minst seg sjølv.

Forrige sesong

Statistikken i forrige sesong taler til ein fordel for bortelaget. Newcastle stakk av med alle seks poengene mot Stoke forrige sesong, med tre av dei i ein overbevisande 5-1 seier på St.James Park. Men etter sommarens overgangsvindauge er akkurat dei spelarane som satte sitt preg på denne kampen ute av klubben.  Spesielt tydeleg er kanskje tapet av Loïc Remy, som satte seg på scoringslista med heile to mål i denne kampen. Erstattar Emmanuel Rivière opna målkontoen i forrige kamp mot Crystal Palace, og mykje spenning er knytta til om franskmannen kan fortsetje formen mot eit defensivt godt strukturert heimelag.

Nøkkelspelarar tilbake?

Både Daryl Janmaat, Papiss Cissé, Yoan Gouffran og Tim Krul  er mest sannsynlig klare for Måndagens kamp. Dei tre sistnevnte sto over forrige kamp med mindre plager. Rolando Aarons, Ryan Taylor, Siem De Jong og David Santon er framleis ute med skader. Stoke har på si side eit nesten skadefritt mannskap, med kun 2 spelarar ute. 31-åringen Jonathan Walters er også usikker med ein leggskade, men kan vere klar til kamp på Måndag etter to veker på sidelinja.

Pardews mogelegheiter
Newcastle United v Manchester City - Premier League

Daryl Janmaat: Kan verta sentral

Stoke har gjennomgått ein taktisk revolusjon under Mark Hughes, og har endeleg kvitta seg med den heller usjarmerande tittelen som laget med minst pasningar i Premier League 4 av dei siste 5 sesongane. Newcastle møter no eit lag som speler nesten 70 fleire pasningar kvar kamp i snitt. Formen til lånesignering Victor Moses i forrige kamp mot Queens Park Rangers var også imponerande, og Alan Pardew håper nok at Daryl Janmaat er klar for oppgåva når klokka slår 8 på Brittania Stadium. Dette kan verta ein nøkkelduell denne kampen.

I henhold til Pardews tilgjengelige mannskap er både Adam Armstrong og  Papiss Cissé høgaktuelle for ein plass i reisefylgjet til Stoke. Akademiproduktet Armstrong overbeviste med heile to målgivande mot Crystal Palace, mens Cissé fant tilbake til gamle takter mot Hull med to mål til ære for Jonas Gutierrez.

Mange er nok også spent på kven av venstrebackane som får sjansen mot Stoke. Massadio Haïdara har imponert, men det kan verke som at Pardew har funne sitt fyrstevalg i Paul Dummett, som også scora det avgjerande målet for avansement i ligacupen.

Blåmandag?

Stoke sine siste 3 kampar på ein Måndag har enda 1-1, mens Newcastle sine 4 siste Måndagskampar har endt med tap. Pardews menn har også sluppe inn heile 12 mål på desse 4 kampane. På ei anna side har framleis Stoke til gode å score på heimebane denne sesongen. Ein ting er sikkert, kampen vert sendt kl.21.00 norsk tid.

You must be logged in to post a comment Login